FINNØY:

Utfor Kaihuset på Judaberg har tre ungdommar slått seg ned i solveggen med kvar si gongkake med syltetøy. Det er Martin Andreas, Kristine og Hanna Emilie. Alle med etternamnet Lunde Seland.,

Dei er søsken, og ferierer i familiehytta på Reilstad. Til vanleg bur dei i Oslo, alle tre.

-Kaihuset på Judaberg er veldig koseleg, både inne og utanfor. Når det er sol og fint vær er det flott å sitja ute her, skikkeleg sommarstemning, seier dei tre.

Gongkaker er favoritten. Den brukar dei å bestilla når dei er på besøk på Finnøy og tek turen til Kaihuset.

Litt lenger "borti hogget" på Finnøy held Einar Vespestad på med å ta inn høyet frå hesja. Hesja er det Hans Magne Alstveit som er meister for.

- Hesjing lærte eg av bestefar på Bømlo. Eg brukar å hesja kvar sommar saman med ungane. Det er kjekt å gjera noko i lag, det sveisar familien saman. Dessutan er det fint å læra kunsten vidare til ungane. Høyet er det kalvane som får, men det er også godt å ha litt høy på lur viss ei ku skulle få magetrøbbel, seier Alstevit på telefon til Øyposten. Han har nå dratt på ferie, og overlate til søskenbarnet sitt, Einar, å ta henne inn.