Kommunen skal bruka to millionar kroner på å utgreia framtidsmulighetene for Vikevåg.(Foto: Rune Nedrebø)

RENNESØY:

Framdriftsplanen for studien kom fram i svar på spørsmål som Høyres Frank-Arild Normanseth hadde stilt framfor møtet i kommunedelsutvalet i Rennesøy tysdag kveld. Der ville han mellom anna vita i kva grad lokalpolitikarane i Rennesøy får vera med i prosessen.,

Stavanger kommune har sett av to millionar kroner til den mykje omtalte mulighetsstudien for Vikevåg, som skal utgreia spørsmålet om nytt kommunehus, korleis Vikevåg kan utviklast som sentrum i kommunedelen og kva rekkefølgekrav som skal stillast.

I svaret blir det også lova at det vil bli nærmare kontakt med kommunedelsutvalet, i første omgang med leiaren Terje Øvrebø, når prosjektleiar for mulighetsstudien er utpeika. Den klare tilbakemeldinga frå kommunedelsutvalet er at det ynskjer å bli involvert gjennom work-shops og kontaktmøter.

Modererte inntrykket

Normanseth hadde fleire spørsmål i utvalet knytta til situasjonen for Vikevåg som var besvart skriftleg til møtet. Høyre-politikaren ville mellom anna vita kva som ligg bak oppstarten av aktivitetar i det gamle kommunehuset som gaming-rom, oppussing av kjøkken og fredagskafe, som Øyposten nyleg omtalte.

I sitt svar gjorde administrasjonen sitt beste for å moderera inntrykket av det som skal skje i kommunehuset.

Normanseth fekk til svar at kommunen ønskjer å prøva ut aktivitetar og tilbud i regi av Innbyggertorget i påvente av at framtida for Vikevåg blir avklart. Pengane til dette er tatt frå driftsramma til Innbyggertorget, og utstyr til e-sport vil seinare kunna flyttast til andre lokaler. Fredagskafeen er bare ei forlenging av innbyggartreffa som Innbyggertorget har hatt ei stund. Men, blei det opplyst, " Det er ønskelig med etablering av kafe tilbud i endelig

lokalisering av Innbyggertorget".

Bare litt maling

-Eg fekk greie svar. Me fekk inntrykk av at det som var gjort med kjøkkenet var bare litt maling og flytting av eit par vegger, seier Normanseth til Øyposten.

-Frå vår side er det viktig å få presisert at det ikkje blir brukt pengar i kommunehuset nå slik at det ikkje blir pengar til å bruka på eit nybygg seinare. Det har vore ei klar forutsetning frå Rennesøy si side at det ikkje skulle brukast pengar i kommunehuset, sidan det likevel skal rivast, opplyser Frank-Arild Normanseth.