Torolf Nordbø har ein heil kuffert med Alfred Hauge-bøker, som han nå vil selja. (Foto: Rune Nedrebø)

FINNØY:

-Det er nesten vondt og sjå, men til og med bruktbua i naboloaget kor Alfred budde i byen, kastar nå bøkene hans, seier Nordbø til Øyposten.,

Han meiner Alfred Hauge sine verk er ein bokskatt som er vel verd å ta vare på, men etter stadige nye rundar på flyttefot, har han funne ut at det beste vil vera å kvitta seg med alt om og av Hauge som han ikkje vil ha sjølv.

-Dette er bøker som ikkje vil bli trykte opp igjen. Nå vil eg selja alt ut, og folk kan få dei rimeleg, seier Nordbø.

I si personlege samling har han alt Hauge har gitt ut frå den første bopka "Septemberfrost" i 1941 til "Helsing Alfred" som er eit blikk på norsk kulturliv gjennom Alfred Hauge sine brev.

-Sjølv set eg mest pris på "Mysterium", som åpnar stadig nye dører for meg kvar gong eg les i henne, seier Torolf Nordbø.