Kommunedirektør i Stavanger, Per Kristian Vareide.

– Stavanger kommune har gode økonomiske resultat i eit år med uvisse prognosar, seier kommunedirektør Per Kristian Vareide.

Årsrapporten for Stavanger kommune er no lagd fram.

Kommunen fekk eit netto driftsresultat på 448 millionar kroner. Dette svarer til 3,8 prosent av driftsinntektene og er betydeleg høgare enn det budsjetterte netto driftsresultatet, som var på 0,8 prosent. Årsakene er utsette oppgåver, lågare pensjons- og lønnsoppgjer og høgare skatteinntekter og statlege koronakompensasjonar, som kom på slutten av året.

2020 er historisk - det første året for nye Stavanger kommune. Den nye kommunen er den fjerde største byen i landet, regionsenter og energihovudstad. I tillegg er den ein av dei viktigaste kommunane i landet innan landbruk, havbruk og reiseliv.

Koronapandemien vart utfordrande for det lokale næringslivet, spesielt innan servicenæringane og reiseslivsbransjen. Dette skapte igjen fare for eit vesentleg inntektsfall og skattesvikt i kommunane. Nokre næringar har teke seg opp igjen, og saman med gunstige statlege ordningar trygga dette skattegrunnlaga i kommunane på kort sikt.

Arbeidsløysa i Stavanger stabiliserte seg ved utgangen av desember 2020 på eit litt høgare nivå enn året før.

– Koronapandemien vil prega både samfunnet, næringslivet og kommunen i heile 2021, men vil truleg òg gi langsiktige effektar, seier kommunedirektøren. Det er for tidleg å fastslå dei langsiktige verknadene av pandemien, men desse vil komma i tillegg til utfordringane knytte ein aukande del eldre i befolkninga.

Årsrapporten for 2020 vil bli behandla i formannskapet 29. april og kommunestyret 31. mai.