Det er den pågåande koronapandeminen, og smitteverntiltaka rundt dette, som er grunnen til at ryfylkingane ikkje kan samlast på den vanlege måten. Og i år blir også Stavanger kommune, som nytt medlem i Ryfylkealliansen, invitert.,Arrangementet og den digitale overføringa føregår alt i morgon, torsdag den 12. november kl.12.00 på plattforma www.ryfylke.no, og vil vare i 38 minuttar.,

Det er prosjektleiar Svanhild Eggebø og Tor Øyvind Skeiseid som vil vera programleiarar frå det fargerike studioet. Programleiarane opplyser også at dei kan by på spanade gjester i studio, glade quizungdomar og utdeling av den årlege Pilt-Ola prisen og Merkevareprisen Ryfylke. -Og sjøvsagt må me by på våre eigne Ryfylkenøtter, avsluttar dei to kollegaene i Ryfylke Livsgnist.