Krim mot korona i Rennesøy

Krim er populære bøker blant lesehestar i Rennesøy, ifølge biblioteket i Vikevåg. Dessutan likar dei å lesa om ein stabukk og eit morsoppgjer.

Rebecca Egeland med Vigdis Hjorths bok "Er mor død", som mange rennesøybuar vil lesa.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

RENNESØY:

-Krim er nok på toppen av lista, seier filialansvarleg Rebecca Egeland i Rennesøy bibliotek til Øyposten.,

Tittelen biblioteksjef forsvann ut døra med kvinna som inntil i fjor haust sjefa på biblioteket, Bjørg Kristin Helland Bø. Den nye tittelen signaliserer at biblioteket i Vikevåg nå er blitt ein del av Kulturhuset Sølvberget i Stavanger.

Koronatida betyr at det ikkje er så mykje som skjer på arrangementsfronten. Heller ikkje i biblioteket på Rennesøy.

-Me har hatt ein del spørsmål om når språkkafeen kan koma i gang igjen, men det er foreløpig ikkje mulig, seier Egeland. Nå håpar ho likevel at det kan koma i gang arrangementer for dei yngste aldersgruppene snart.  Dessutan står fortsatt Sigrid Bø Grønstøl og Tore Renberg på programmet nå i vår. Bø Grønstøl skal snakka om den nye boka si om "Karlahuset" i februar, og i april blir det etter planen mulig å høyra Tore Renberg.

Biblioteket i Rennesøy har merka noko auka pågang sidan folk nå må halda seg heime, og kanskje kjedar seg litt. Men noko lang kø av bokormar er det ikkje blitt, skjønar me Rebecca Egeland rett.

På boktoppen i Rennesøy, ved sida av krimm'en, ligg boka om stabukken "Tollak til Ingeborg" av Tore Renberg og Vigdis Hjorth sitt gneistrande morsoppgjer i boka "Er mor død".

Publisert: