Ingen er førebels tekne for hummartjuveriet i Østhusvik.

RENNESØY

: Ingvar Steinsland Medhus på Østhusvik blei fråstolen 60 humrar til ein verdi av 20.000 kroner for ei god veke sidan.,

-Eg tur eg har peiling på kor dei har teke vegen, seier Steinsland Medhus til Øyposten.

-Nyleg la ei dame i Randaberg ut eit bilete på Facebook av eit hummarmåltid ho hadde fått ei natt av ex'en sin. Og dei humrane var teipa med kvit tape rundt klørne, akkurat slik eg pleier å gjera. Ho var veninne med ei på Facebook som eg og har hatt kontakt med der, og slik fekk eg også nyss om dette, opplyser Steinsland Medhus.

Saka er meldt til politiet, og adei har også fått alle opplysningane om hummarmiddagen i Randaberg, legg han til. Førbels har han bare fått bekreftelse på at anmeldelsen er motteken.

I politiet får Øyposten opplyst at saka ligg til vurdering hos jurist, og at det førebels ikkje er avgjort om ho skal etterforskast vidare eller leggjast bort.