(Illustrasjon: LMG/Norled)

FINNØY

: Den nye ferja skal setjast i drift frå 2022, og skal avløysa MF "Lysefjord" i dei anløpa den har i dag.,

I pressemeldinga frå Norled heiter det at ferja skal byggjast i Ølen, hos verftet Westcon Yard.

- Vi ønsker at vår virksomhet skal skape positive ringvirkninger i samfunnet rundt oss. Derfor er det veldig gledelig at denne ferjen kan bygges i Norge, sier Sigvald Breivik, teknisk direktør i Norled.

Kontrakten for nybygget blei underteikna denne veka. Norled og Westcon samarbeider frå før, og partane inngjekk tidlegare i år eit samarbeid om bygging av to andre nybygg i Ølen, det eine blir landets første hydrogen-ferje.

- Vi er veldig glade for å få tilliten av Norled nok en gang til å bygge enda en av fremtidens ferjer. Samarbeidet mellom oss er godt og jeg gleder meg til fortsettelsen, sier Endre Matre, leder for teknisk nybygg i Westcon i pressemeldinga.

Ryfylkeferja vil bli heilelektrisk og utstyrt med batterier som gjer at ferjen ikkje treng å lada i løpet av dagen. Ferja blir bygd i  aluminium og skal ifølge pressemeldinga vera godt utrusta til å betjena øylandskapet i Ryfylke. Mellom anna vil ho bli ustyrt med kran og truck og spesialrampe for øyane utan ferjekai.

Ferja vil få ei lengd på 42,2 meter og blir 11,9 meter brei.