Lokale og sentrale politikarar samla nyleg for å drøfta kva som kan gjerast med endringa i arbeidsgjevaravgifta. Frå venstre Lisa Breiland, Dagny Sunnanå Hausken, Nils Ove Bjustveit, Jon Olav Runestad, Anders Vadla, Sissel Knutsen Hegdal, Henrik Halleland og Ingrid Eiane Setvik.|God stemning ved kaffimaskinen før møtet. Sissel Knutsen Hegdal og Dagny Sunnanå Hausken treng ein liten styrkedråpe før møtet.|Kartet viser folketalsutviklinga i øyane dei 10 siste åra.

FINNØY:

Tysdag var det "krisemøte" om skatteskjerpinga på Innbyggartorget på Judsaberg. Konklusjonen på møtet blei å prøva å få til ei tverrpolitisk mobilisering av det politiske miljøet i Stavanger, for om mulig å få regjeringa til å endra vedtaket.,

Debatten gjekk delvis på strategien for dette, nemleg kor lurt det ville vera å jobba for å tilbakeføra heile Finnøy kommunedel til sona med redusert arbeidsgjevaravgift, eller i første rekke konsentrera seg om øyane utan fastlandsforbindelse.

God stemning ved kaffimaskinen før møtet. Sissel Knutsen Hegdal og Dagny Sunnanå Hausken treng ein liten styrkedråpe før møtet. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Som eit appropos var det laga eit kart for anledningen, som blei vist på veggen, og kor øyane utan fast vegsamband i kommunedelen lyste i faretrugande raudt. Samtlege øyar nord for Finnøy har nemleg hatt ein nedgang i folketalet dei 10 siste åra, og aller størst har nedgangen vore på Ombo og Sjernarøyane. Dette i skarp kontrast til både Finnøy og Talgje, som har hatt ein betydeleg folkeauke.

Optimist

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken (sp) heldt ein knapp på at det smartaste ville vera å køyra hardt på at desse øyane, og Jon Olav Runestad (ap) frå Fogn vedgjekk at det kunne vera vanbskeleg å argumentera for at Finnøy og Talgje har særleg andre betingelsar enn Rennesøy.

-Men at austsida av Ombo skal ha same vilkåra som Forus, eller at Årdal, som nesten ligg ved åpninga til Ryfast, skal ha mykje betre vilkår, skjønar eg ikkje. Her er det noko som ikkje stemmer, sa Runestad.

Kartet viser folketalsutviklinga i øyane dei 10 siste åra.

Sissel Hegdal Knutsen meinte strategien måtte vera å finna ut kva argument som var brukt for  skatteskjerpinga.

-Det må ha blitt gjort ein feil, for ingen ting har endra seg for kommunedelen sidan Finnøy gjekk saman med Stavanger, påpeika Knutsen Hegdal, som var optimist at det gjekk an ¨å få til ei endring.

-Skattereglar blir endra heile tida, meinte ho.

Stor overrasking

Det blei også peika på at det kom forsikringar frå regjeringshald før Finnøy gjekk saman med Stavanger, at samanslåinga ikkje skulle ha nokon betydning for arbeidsgjevaravgifta.

Det var leiinga i kommunedelsutvalet som hadde tromma saman til møtet, kor både representantar frå grendeutvala i kommunedelen og sentrale politikarar frå Stavanger var invitert.

Forrutan vararordførar Dagny Sunnanå Hausken (sp), møtte også Henrik Halleland (krf) og Sissel Knutsen Hegdal (h), som kom på eige initiativ.

Det store spørsmålet, korleis kunne dette skje, utan at nokon visste om det, var ofte på dagsorden, men utan at det kom noko uttømande svar. Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken sa at endringa kom som ei stor overrasking på henne, og ho påpeika også at ingen hadde varsla den politiske leiinga i kommunen om endringa, heller ikkje nokon av opposisjonspartia.

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken gjorde merksam på at ho måtte diskutera med ordførar Kari Nessa Nordtun både om og korleis saka eventuelt skulle handterast vidare.