STAVANGER: -

Me kan diverre ikkje talfesta kor mange som har vore på øyhopping i løpet av sommaren, det finns det ikkje talgrunnlag for. Men ut i frå det me har sett på sosiale medium, ser det svært bra ut. Instagraminnlegget om øypass er allereie det 8. mest populære innlegget dei siste 2 åra på kommunen sin Instagramkonto. Story-innlegga som gjeld øyhopping, er dei mest sette innlegga dei siste 30 dagane. Kvart innlegg har skapt særdeles høgt engasjement og har fått god respons i form av kommentarar, mailar, innlegg og delingar. Det var faktisk også fleire av mine kollegar i kommunen som nytta seg av tilbodet for å bli betre kjent med heile kommunen. Det er framleis mange frå Stavanger som ikkje har vore i Ryfylke, så dette nok har nok vore ei nyttig erfaring for mange, fortel prosjektleiar Jeanette Oseberg, i avdeling for ungdom og fritid.,

- Kva trur du har vore mest populært?

- Utan konkrete tal å slå i bordet med, er det vanskeleg så sei sikkert, men igjen, med stor aktivitet på sosiale medium, kan det verka som ryfylkeøyane kanskje har vore mest populært. Her fekk me i tillegg god draghjelp av skattejakta som føregjekk nokså parallelt på fleire av øyane i Finnøy og Rennesøy.

- Kva no, framover?

- Ja, no er prosjekta formelt avslutta, og målet er at dette ska gå av seg sjølv. Det kan godt tenkast at me kjem til å gjera eit liknande stunt neste år, om enn ikkje så omfattande. Men dette var kickstarten på ein offensiv retta mot turisme på øyane, som me håpar har gitt såpass meirsmak at mange har lyst å oppleva meir av øyane på eigen hand. Vårt mål er at det skal bli heilt naturleg å legga sundagsturen til Ryfylke. Det er utruleg mykje fint å oppleva berre ein liten båttur i frå sentrum; varierte toppturar, bademoglegheiter, dyreliv og mykje anna kjekt, avsluttar Jeanette Oseberg.

Skattejakt

Suksessen med skattejakta på øyane som gjekk av stabelen i juli og august blei den suksessen kommunen hadde håpa åpå. Rundt 3 500, dei fleste saman med foreldra, gjekk på digital skattejakt på fleire øyar i Ryfylke, samt på Fjøløy. Dei fekk oppleva mykje nytt og spennande undervegs, blant anna fognareven som viste seg å bli eit svørt populært innslag i skattejakta. Intensjonen ifrå kommunen var den same som med øyhoppinga, å legga til rette for at så mange som mogleg blir kjent med øyane i den nye kommunen.

- Tilbakemeldingane me har fått har vore svært gode. Det er tydeleg at arrangementet har virka etter hensikta, for dei aller fleste skriv om ting dei har opplevd på stader dei ikkje har vore før. No sit me igjen med nyttig informasjon som gjer oss i stand til å utvida konseptet til neste år, for det blir eit neste år, det trur eg kan sei nokså sikkert.

-  På same måte som i år?

- Me veit i alle fall no kva som har funka godt, og kva som har funka mindre godt, og tek det med oss i den vidare vurderinga. Kanskje vil me involvera næringslivet eller andre samarabeidpartnarar som kan bidra positivt, det er litt tidleg å sei sikkert ennå. Me den gode heilskaplege opplevinga av skattejakta, gjer at me ønskjer å gå vidare med prosjektet, fortel Espen Strand Pedersen i Reveel som var ansvarleg for gjennomføringa saman med kommune.