Apoekleiar Paulina Mikic oppmodar folk til å ta influensavakinen. Foto: Privat

RENNESØY:

Mange har oppdaga at å ta vaksinen på apoteket er både enkelt og effektivt.,

Det er fjerde året på rad Vikevåg apotek sett vaksine. I fjor blei det slutt på at ein måtte ha resept frå lege for å få sett influensavaksinen i apotek.

- At det er reseptfritt og lett tilgjengeleg gjer at fleire vel å vaksinera seg i apoteket. I tillegg opplever folk det som trygt å setta vaksinen i eit apotek, seier leiar ved Vikevåg apotek, Paulina Mikic.

Dei som ønskjer å ta vaksine på apoteket kan gjera i apoteket sine opningstider utan å bestilla tid i førekant. Prisen er 399 per vaksine.

- Me ønskjer primært at folk som vil vaksinera seg kjem mellom klokka 1000 og 1500. Det er fordi det normalt er rolegast på denne tida, men det er berre ei oppmoding. Passar ikkje dette tidspunktet er det berre å møta når en har tid.

- Kor mange har blitt vaksinert på apoteket hittil?

- Me fekk vaksinen for berre nokre dagar sidan, så førebels har rundt 15 personar fått den. Men me ventar stor pågang når det lir litt på, og når folk for alvor byrjar reisa igjen. Ho held fram:

Vaksine er den aller beste metoden for å førebygga influensa, og spesielt om ein passar på å ta den kvart år. Spesielt viktig er det for risikogruppene å vaksinera seg, avsluttar Paulina Mikic