Poengtap også for Mastra

Mastra måtte ta til takke med eitt poeng då laget spela uavgjort 1-1 borte mot Tjensvoll.Erling Håvarstein berga det eine poenget med si scoring i det 75. minutt, etter at Kristian Søyland hadde ført heimelaget i leiinga 58.minutt.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

STAVANGER/RENNESØY:

-Det var ein tett og noko rotete kamp frå vår side, der me framleis slit med å setja dei mange sjansane me spelar oss fram til, konstaterer ein litt skuffa lagleiar Jone Østbø ovanfor Øyposten på veg inn i garderoben like etter kampslutt.,

Poengtapet fører også til at Mastra definitivt er ute av kampen om opprykk, når berre ein seriekamp gjenstår heime på Vikevåg mot Paradis neste lørdag.

-Men Finnøy ga dykk god hjelp i opprykkskampen ved å ta poeng heime mot MIL tidlegare i kveld?

-Det er ein sterk prestasjon av Finnøy, og me takkar for hjelpa. Likevel har me heile tida vore klar på at det er i denne divisjonen me høyrer heime, og eg synest også det er veldig fortent at Tasta nå endeleg ser ut til å lukkast med sitt opprykk til 4. divisjon. Det har det verkeleg fortent, og dei har også vore det beste laget, slår Østbø fast.

Kampen sett under eitt, burde nok Mastra ha teke med seg alle poenga heim til Mosterøy/Rennesøy, etter dei mange klare sjansane laget spela seg til i løpet av 2. omgangen. Men spelarane var ikkje nøyaktige og dyktige nok i det avgjerande øyeblikk framfor mål, der tjensvollkeeper Alexander Isaksen stod ein god kamp og berga det eine poenget for heimelaget.

Publisert: