Mykje spelar på lag med bøndene for tida. Ikkje nok med at dei siglar i medvind etter korona-utbrotet, nå er også veret på bødene si side. I alle fall for dei som driv med dyr og haustar gras. Det ligg an til ein rekordaktig førsteslått, og nokre begynner å fabla om at det kanskje går an å ta heile fem avlingar i år.,

Det er likevel i tidlegaste laget å konkludera når det gjeld avlingane, men uansett ser det lovande ut for bøndene nå. Dei store grasavlingane er ekstra kjærkomne ettersom kraftforrekningane har skote i været i det siste. Nå kan det kanskje bli behov for å kljøpa litt mindre kraftfor, og hausta desto meir av heimeavla for. Det er god økonomi og det er god økologi.

Medvinden for bøndene kjem på eit gunstig tidspunkt kor mange gardsbruk står midt oppe i eit generasjonsskifte. Då vil det vera fint om det plutseleg blir litt gjævt å vera bonde igjen.

Kor gjævt det vil bli blir likevel ikkje avgjort nå. Det er fleire faktorar som må spela på lag.  Først og framst kjem det an på kor god tilgangen er på godt betalte jobbar, som landbruket ikkje kan konkurrera med. Det er eit faktum at ein fin og blank bil har hatt større status enn ein blank traktor.

Dessutan kjem det an på om forbrukarane er villige til å betala meir for maten, slik at det også kan vera grunnlag for mindre effektive bruk. Billeg import av all slags varer har gitt grunnlag for mykje av den velstanden me har i dag. Om folk vil godta å i større grad klara seg utan dette, kjem an på i kva grad dei ser nytten av det.

Og sist men ikkje minst kjem det an på den teknologiske utviklinga.

Småbrukarlaget vedtok for mange år sidan å ha som politikk at Felleskjøpet ikkje måtte selja den til ei kvar tid mest moderne teknologi. Dette blei det flirt mykje av i både i bondekretsar og andre stader. Men Småbrukarlaget hadde likevel eit poeng. For ein mjølkerobot kan glatt auka produksjonen hos ein bonde, men til det trengs det også fleire kyr og større fjøs. I dag nærmar det største fjøset i Finnøy kommunedel seg ein produksjon på ein million liter. Det er ikkje plass til så mange bruk av denne typen i øyane.

Himmelen er med andre ord ikkje heilt skyfri framover for bøndene heller. Og ei samfunnsgruppe som er avhengig av store overføringar frå felleskapet, må nå som før vera forberedt på at dei blir gjenstand for diskusjon. Det skulle bare mangla. Men det er ein diskusjon dei har betre sjans enn på lenge til å vinna.