-Dette er noko meir enn dei 80 millionar kroner som me har tatt høgde for i vårt budsjettframlegg, opplyser kommunedirektør Per Kristian Vareide til Øyposten.,Han er likevel svært usikker på om dette vil kompensera for dei mange ekstraordinære tiltaka kommunen har sett i verk, og som blir ytterlegare forsterka gjennom dei mange nye smitteverntiltaka som nå trer i kraft i kommunen.,-Me har tatt høgde for at det nåverande testregime også skal gjelda i store delar av 2021, så det er difor svært vanskeleg på å seia noko eksakt om kor lenge dette vil vare og kva utslag det til slutt vil gi, poengterer Vareide.,

Blir dyrt

-Det nåverande anslaget til kommunedirektøren er svært konservative tal, og blei lagt inn i budsjettet før den nåverande andrebølga inntraff,opplyser direktør for økonomi og organisasjon i kommunen, Gunn Claire Westad.

Ho opplyser også til Øyposten at Stavanger kommune fram til nå i år har fått kompensert for til saman 214 millionar kroner, der 7 millionar av dette er såkalla skjønsmidlar. -Eg fryktar likevel at desse midlane ikkje heilt vil kompensera for alle utgiftene kommunen har hatt i samband med den pågåande pandemien.

,Ho understrekar også at dette berre er foreløpige tal frå hennar side, og at dei på ingen måte er kvalitetsikra.