Og når regnet og haustværet no set inn til helga, har dei fleste også fått berga ein 3. slått med framifrå grasavling av uvanleg god kvalitet.,

-Dette bekrefra også rådgivar for grovfôr ved Norsk Landbruksrådgiving på Særheim, Ane Harestad. Ho vil vera forsiktig med å gi avlingsåret karakteristikken, eit historisk godt avlings- og grasår.

Væravhengig

Til det kan variasjonane vera for store i forhold til haustetidspunkt og lokale variasjonar.

-Men, ja, det har vore eit svært godt gras- og beiteår i Rogaland, slår Harestad fast.

-Ja, er det fasktisk slik at bøndene også kan pårekna seg ein 4.slått.Og er det eventuelt tilrådeleg ut frå faglege omsyn?

-Det vil vera heilt avhengig av været og slåttetidspunktet der og då, påpeikar ho.-På generelt grunnlag skal ein vera forsiktig med tanke på å slå graset svært seint om hausten.Mest på grunn av risikoen for overvintringsskader. Så skal ein også vera forsiktig med gjødslinga no så seint på året, slik at enga får gjera seg klar til å takla overvintringa. Då er det viktig at ein ikkje stimulerer til sterk vekst når vinteren kjem, påpeikar ho.,

Gjer seg klar til 4.slåtten

Ein som alt har bestemt seg for å ta ein 4. slått på det toårige raigraset sitt, er bonde Gaute Halleland på Ladstein. Øyposten var på besøk alt i slutten av mai månad. Då var 1. slåtten allereie unnagjort den 19.mai, og Halleland sa då, rett nok med ein litt ironisk undertone, at han frykta han måtte ta ein slått i månaden framover.

- Eg må nok moderera meg litt i dag i forhold til akkurat det, men det blir nok i alle høve ein 4. slått i løpet av september, smiler Gaute. -Og eg treng heller ikkje vera så nøye med korleis innhaustingsforholda er der og då, og korleis etterveskten og overvintringa vil bli. For det toårige raigarset må uansett byttast ut til neste vår, slår Gaute fast.