Arild Flesjå

FINNØY:

-Eg er både audmjuk og takknemleg for denne gåva. Den vil koma vel med. Fleirbrukshallen er bygda sin hall, og Coop'en er bygda sin butikk. Det har dei vist,  seier styreleiar i Fleirbrukshallen, Arild Flesjå til Øyposten.,

Tysdag troppa Coop-sjefen på Finnøy, Sven Inge Goa og leiar i Coop-styret, Anne Lise Kindingstad opp utfor Fleirbrukshallen med pengegåva. Det seier sitt om situasjonen at hallen nå er stengd, og vil bli det, førebels i 14 dagar framover på grunn av aukande smittepress generelt i samfunnet frå Covid 19

-Me tek ingen sjanse, og fylgjer regjeringa sine råd, seier Arild Flesjå.

Anne Lise Kindingstad håpar pengane vil koma vel med for hallen, som har gått glipp av store inntekter på grunn av koronaen.

-Det er kjekt for oss å kunna hjelpa. Fleirbrukshallen er eit svært viktig samlingspunkt på Finnøy, og blir i stor grad driven på dugnad. Det var difor naturleg for oss å støtta opp, seier Kindingstad.

Ifølge Arild Flesjå har styret ikkje bestemt kva pengane skal brukast til.

-Når forholda normaliserer seg igjen er det aktuelt å få hallen malt. Det begynner å bli nokre år sidan sist. Det håpar me å få gjort utan å bruka verdifull dugnadstid frå styret, og då vil denne pengegåva koma godt med, seier han.