Brannvesenet vurderer nå ny brannbåt som skal avløysa "Vektaren". Eit alternativ er også å anskaffa brannbåt på Finnøy.

SANDNES:

Det blir vurdert om det skal stasjonerast ein mindre, hurtiggåande brannbåt på Judaberg for utrykning i Ryfylkebassenget. Det får Øyposten opplyst hos Rogaland Brann- og Redning i Sandnes.,

Ifølge seksjonsleiar Tom Meyer i Rogaland Brann- og Redning, er denne løysinga aktuelt i forbindelse med at det nå blir bygd ny brannstasjon like ovanfor ferjekaien. Men noko endeleg beslutning om å anskaffa ein brannbåt er ennå ikkje fatta.

-Dette vil i såfall vera ein båt som først og fremst skal ha som oppgåve å frakta mannskapa raskt til brannstaden. Det er ikkje tanken at han skal utstyrast med vannkanoner, seier Meyer.

Brannvesenet har i dag brannbåten "Vektaren" stasjonert i Stavanger, men det tek tre kvarter til ein time for denne båten å gå frå Stavanger til Judaberg. Båten har ein toppfart på 19 knop. Brannbvesenet er nå i gang med å sjå på anskaffelse av ny brannbåt som kan erstatta "Vektaren".

Forslaget som Øyposten har kasta fram om å utstyra den nye ambulansebåten til Rødne med vannkanoner har brannvesenet stor sans for.

-Ambulansebåten i Øygarden har dette, og er ei løysing som fungerer bra. Det var også noko me kunne tenkt oss for Rygerdoktoren, men tgidsfristen til å koma med dette innspelet blei for knapp i fjor haust. Nå er eg redd for at det er for seint, seier Meyer.