SAND:

Ideen om boka oppsto i ei felles begeistring for Ryfylke mellom fotografen og forfattaren, samtidig som dei kjente på at Ryfylke var ein underkommunisert landsdel samanlikna med andre delar av vestlandet. Dei såg ei oppgåve i å løfte fram både den overveldande naturen og forteljingane om Ryfylke slik folk møter utfordringane i kvardagen.,

Samtidig var dei nysgjerrige på kva som skjedde med Ryfylke og ryfylkingen som følgje av endringar både i kommunestrukturen og kommunikasjonane. Boka er såleis blitt til i eit skjeringspunkt mellom samtidsjournalistikk og historieskriving, men med størst vekt på nåtida. Boka er i stort format og er rikt illustrert.

Roy Høibo er tidlegare direktør ved Ryfylkemuseet. Lise Bjelland er fotograf med erfaring frå presse og frilans oppdrag.