Ferjekaien på Nesheim får ein kort renessanse igjen i slutten av november, når ferjekaien på Helgøy blir stengt. (Foto: Rune Nedrebø)

FINNØY:

Først ute er Halsnøy, som blir stengt neste veke. Deretter er arbeidet ved ferjekaien i Eidsund planlagt første veka i november, før det blir Helgøy sin tur i slutten av neste månad.,

Ferjekaien på Halsnøy blir stengt frå førstkomande måndag, 26. oktober, og ut veka til fredag 30- oktober. Stengninga blir mellom klokka 09.00 og 15.00.

- Dei nye ferjene treng større djupne. Derfor er me nødt til å gjera ein jobb ved ferjekaiane i Finnøy. Me ynskjer å ta hensyn og begynner arbeidet etter morgontrafikken, seier prosjektleiar Ove Murberg i Rogaland fylkeskommune til Øyposten.

Siste ferje før stenging kvar dag blir klokka 08.40, mens første avgang etter stenging  blir klokka 15.25 frå måndag til fredag.

Laurdag 31. oktober blir kaien heilt stengt frå klokka 0900 om moronen til same tid dagen etter, søndag 1. november. Siste ferje før stengning blir klokka 08.45 på laurdag og første avgang etter stengning blir avgangen på søndag klokka 09.55.

Stengninga av ferjekaien vil medføra at hurtigbåten neste laurdag går til den kommunale kaien på Skartveit, mens han elles i veka vil gå til ferjekaien.

For Ombo sin del vil ferjetrafikken kunna gå over Skipavik den veka stengninga varer, mens reservekaien på Nesheim blir teken i bruk så lenge Helgøy er stengt. På Eidsund vil hurtigbåten gå til den kommunale kaien like ved, og i Sjernarøyane vil både ferje- og hurtigbåttrafikken gå over Nesheim.