FINNØY-MOSTERØY:

- Båten er nå i ferd med å bli olja og få bunnstoff, og ferdigstillinga av sjølve dekket er nå også inne i sluttfasen. Eg reknar difor med at sluppen skal vera sjøklar til 1.mai, opplyser Østerhus til Øyposten.,

-Til Tomatfestivalen?

Erling Reilstad er koordinator for Restauration Venneforening, som i alla hovudsak koordinerer og står for sjølve arbeidet med å pussa opp utvandrarskuta .

Den 4. juli  2025 er det også 200 år sidan "Restauration" la i veg på den strabasiøse og historiske reisa frå Stavanger til New York med 52 mennesker om bord. Den 98 dagar lange reisa blir rekna som sjølve starten på den organiserte utvandringa frå Norge til Amerika.

Sjaluppen "Restauration" under fulle segl.

- Både dette, som ligg litt lenger fram i tid, og det faktum at båten nå er sjøklar igjen skal sjølvsagt markerast, opplyser Reilstad. Han kan likevel ikkje, på det nåverande tidspunkt  seia noko konkret om kva som skal skje av aktivitetar rundt båten utover våren og sommaren. Dette fordi Covid-19 situasjonen enno gjer det svært vanskelg å planleggja framover i tid.

-Men om situasjonen tillet det, og Tomatfestivalen på Finnøy gir rom for det, kan eg i alle fall lova at Restauration skal koma "heim igjen" på besøk til Finnøy den helga, forsikrar han.

,-

Stor entusiasme

-Svært mykje arbeid er nå gjort, og det har enkelte kveldar vore opptil 15 personar på dugnad, held Reilstad fram.

Restauration ligg plassert under telt ved ka i Åmøy havn medan oppussingsarbeidet føregår. Foto: Privat

-Etter koronarestriksjonane dei siste månadane, har me då prøvd å dela desse opp i maks fem personar i kvar arbeidsgruppe utover dagen og kveldane. I dugnadsarbeidet er det med folk frå både Finnøy, Rennesøy, Mosterøy, Askje, Åmøy og Bru pluss frå Stavanger og Randaberg. Så entusiasmen rundt båten er framleis stor, påpeikar den utflytta finnøybuen.

-Men dugnaden vil nå fortsetja heilt til båten er sjøsett rundt 1, mai, legg han til.

Sjølve oppussingsarbeidet er lokalisert til Åmøy havn, der båten er plassert inne i eit tørt telt og der sjølve riggen på båten er tatt ned og demontert.

-Heile dekket er skrapt og det same er bunnstoffet .I tillegge er all innredning i hovudrommet rive bort og fjerna. Også gamle batteri som var under dei tidlegare benkene er fjerna, og sendt til resirkulering. Blyet som ballast under dekket er også teke ut, opplyser Reilstad .

Men noko spesialarbeid, som blant anna natinga mellom bord som er skifta ut, er det Ryfylke Trebåtbyggeri på Finnøy, som må utføra.

Det lokale trebåtbyggeriet som i si tid også utførte det unike arbeidet med å byggja replikaen Restauration i båthamna ved  Faaholmen på Judaberg.