"Rygerfjell" på veg inn i smult farvatn i Østhusvik.

FINNØY/FISTERØYANE: Feja har endestasjon på Hebnes og Jelsa i nordaust og på Østhusvik og i Stavanger i sør. Og trass i at ferja med rette lever opp til det å vera ei såkalla melkerute, er det mange som nyttar seg av det nye ferjetilbodet.,-Så langt har ferja blitt mykje brukt, ja faktisk meir enn me hadde rekna med, seier regionsjef for ferjedrift i Norled, Gaute Gangenes til avisa Strandbuen.,Det er den 43 år gamle ferja "Rygerfjell" som er innleigd frå det lokale selskapet Rødne & Sønner som inntil vidare går i sambandet. Ferja har plass til omlag 30 bilar, og bar i si tid namnet "Høgsfjord" då den var ny i 1978.,I juni neste år skal den nye elferja "Ryfylke" setjast inn i sambandet. Denne ferja har kapasitet til å kunne ta 27 personbilar og to trailarar.,-Mange nyttar seg av det nye ferjetilbodet, både hyttefolk og fastbuande. Særleg etter at det nå vart daglege avgangar frå både Fisterøyane, Sør-Hidle, Heng og Brimse, som tidlegare berre hadde anløp nokre få dagar i veka, opplyser regionsjef  Gangenes.