-Det er god plass til fleire. Og blir det fullt, går det an å setja seg på venteliste, opplyser idrettskonsulent Jan Erik Haavik i Idrettsrådet i Stavanger til Øyposten.,

Idrettsrådets arrangement "1000takk, idrettssommer" er ein del av kommunen sitt opplegg for å gi barn og unge eit ferietilbud i sommar gjennom prosjektet "Barnas sommer".

Denne veka er det sport og gøy i Tastaruståhallenm, og måndag, tysdag og onsdag neste veke er det Fleirbrukshallen sin tur.

-Det har vore fullt i dei andre hallane, men på Finnøy rakk me ikkje å koma ut med informasjon før skulane tok ferie. Det kan vera noko av forklaringa på kvifor ikkje fleire har meldt seg, seier Haavik.

For å overhalda smittereglane er grensa sett ved 60 barn, og tysdag middag var det 35 som hadde meldt seg på. I Mastrahallen sist veke var det plass til like mange, og her var det 120 som melde seg på.

-Viss det er ledig plass vil barnh frå Rennesøy og resten av Stavanger kunna bli med på Finnøy. seier Jan Erik Haavik.

Tilbudet er for barn frå 8 til 13 år, og kvar dag får barna bli kjent med fire nye idrettar. Det blir også servert lunsj med frukt, og alle barna får kvar si t-skjorte som minne frå arrangementet.