Landbruket inn i ei ny tidsepoke

LEIAR

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ni år gammel

Det har den siste tida føregått eit høgt politisk spel i,samband med dei pågåande jordbruksforhandlinganeog knapt nokon gong dei siste femti åra har behovet,for eit sterkt norsk landbruk i eit nasjonalt og globalt,perspektiv vore større enn akkurat i dag.,

Ferske meiningsmålingar syner også at det er svært

lenge sidan norsk landbruket har hatt ein sterkare posisjon,i det norske folk. På same tida ser me at den eine,store naturkatastrofen avløyser den andre i dei folkerike,statane i Asia. Prisen på sentrale basisvarer som ris når,rekordhøgder og blir ei mangelvare, medan det føregår,hamstring og storinnkjøp for å sikra leveransen i mange,av dei rike landa i Vesten.

Det moralske aspektet i ein slik politikk bør kvar og ein

ta innover seg.

I eit slikt perspektiv er det også viktigare enn nokon

gong at ein legg forholda til rette for å sikra den norske,sjølvforsyninga av mat og auka denne. Difor er det ein,rettmessig kamp for å sikra norske bønder ei akseptabel,inntekt som i desse dagar utspinn seg i Landbruksdepartementet.

På same tida er det all grunn for dei mange populistane

på høgresida i norsk politikk, representert med Fr.P og,Høgre, å gå nokre rundar med seg sjølve. I ei årrekke,har dei saman med den sentrale rikspressa ivra for å,auka matvareimporten og redusera overføringane til,norsk landbruk. Nå møter dei seg sjølve i døra på ein,slik måte at dei bør rygga mange steg tilbake. For i,framtida er det ikkje ”det sorte gull” under havbotnen,som blir Norge si framtid.

Då er det norsk mat som blir gull verd!