Her fortalte dagens eigar av gamle MS Hulda,Jon Tore Helland, om historia bak den tradisjonsrike frakteskuta som han no har overteke etter far sin.Sjølv er Jon Tore eit engasjert og aktivt medlem av det lokale kystlaget , og på kaien fekk han start på ein gamal 2hk «Wickmann» til stor glede for den eldre garde rennesøybuar som raskt drog kjensel på den skarpe motorduren .Også den lokale og tidlegare så populære «Reilstadmotoren» frå Finnøy hadde fått sin sentrale plass på kaien.Noko motordur frå akkurat denne maskinen frå naboøya, derimot, fekk me ikkje oppleva.-Men eg hadde start på han berre for eit par veker sidan, seier ein entusiastisk ,Jon Tore Helland, medan han nok ein gong gir full gass og ein kraftig motordur og tjukk røyk   stig opp frå eksospipa på den gamle «Wickmannen» frå 1943. - Me skulle veldig gjerne hatt med oss fleire  finnøybuar også i kystlaget vårt, for også det har rike tradisjonar å ta vare på når det gjeld dei gamle kystfartøya. Eg håpar inderleg du kan skriva det, avsluttar Jon Tore Helland.