Alt dette relatert t

il fleire saker der både administrasjonen i kommunen, og ikkje minst Fylkesmannen , hadde vendt tommelen ned til ei slik frådeling med grunngjeving i at dei kjem i konflikt med jordlova, og ligg i dei såkalla LNF-områda (landbruk, natur og friluftsliv).- Det at me deler frå desse husa, hus nr.2 og tre i eit gardstun, er eigentleg til det beste for jordvernet. Fordi me sikrar at folk vil bu i desse husa. Det at det bur folk i nabohusa på slike gardstun, og særleg på dei ikkje landfaste øyane, er også ein føresetnad for at folk vil driva gardane her. Det er med på å sikra landbruket, meir enn det trugar landbruksinteressene, meinte bonde og Sp- politikar Kai Petter Flesjå.,

Politikarane i

Forvaltningsstyret grunngjev sine synspunkt med at det i den nyleg vedteken arealdelen i kommuneplanen for Finnøy kommune, står tydeleg presisert at omsynet til å tryggja busetnaden på dei ikkje landfaste øyane skal vega tungt i slike frådelingssaker. Dermed er lokalpolitikarane i Finnøy på full kollisjonskurs med Fylkesmannen si tilnærming og haldningar i slike saker.,-Det verkar som om Fylkemannen ikkje evnar å ta innover seg å differensiere at det er skilnad på den skrinne landbruksjorda og enkelte beiteareal på eksempelvis Fogn, enn kva tilfellet er med tilsvarande areal på Randaberg og Jæren, sa Jon Olav Runestad, Ap,.Han møtte som vararepresentant.,

-Det brenn eit blått lys for Hesby Auto.

Forvaltningsstyret hadde også motteke klage frå Fylkesmannen på deira tidlegare vedtak etter synfaring, om å tilrå ei frådeling av verkstadbygga til Hesby Auto, og ein bustad. Det samla arealet som er omsøkt er på om lag 5,5 dekar.,Verkstadbygga ligg plassert midt i gardstunet, der det også ligg ein større driftsbygning og fjøs med aktiv mjølkeproduksjon. Ein veg til ein bustadeigedom ovanfor deler gardstunet i to.,Eit forslag frå posisjonen, Sp,Kr.F og Ap, om å leggja begge bustadeigedomane til gardsbruket, og berre skilje frå verkstadbygga og tilhøyrande administrasjon, vart samrøystes vedteke.,-Det brenn eit blått lys for denne verksemda som er viktig for heile Finnøy-samfunnet.Difor må me gjera eit siste forsøk på å koma Fylkesmannen i møte på denne måten, sa leiar Olav Halsne frå Kr.F.

-Eg er svært glad

for at me har slike løysingsorienterte og framoverlente politikarar, som tek omsyn til dei lokale arbeidsplassane og evnar å stå opp mot byråkratane, sa ein tilfreds verkstadeigar Andreas Hesby frå tilhøyrarbenken.,Øyposten kjem tilbake med fleire detaljer frå det nest siste møte i Forvaltningsstyret i Finnøy kommune si historie i neste nummer.,

Tekst og foto:

,Jon Asgaut Flesjå