Henrik Halleland (krf)

Når det gjeld Arild Flesjå sitt innlegg i Øyposten om sykkelsti vil eg gjerne få koma med nokre oppklaringar. Sykkelsti mellom Judaberg og Reilstad har vore ei prioritert sak i kommunen i mange år. Den har vore jobba med av 3 ordførarar og like mange kommunestyre. For 6 år sidan kom forslag om å finansiera dette prosjektet med bompengar frå Finnfast. Dette blei avklart med samferdselsdepartementet. Geir Pollestad kunne bekrefta dette til Finnøy kommune i 2013. Grunnen til at arbeidet ikkje kunne starta då, var manglande regulering. Dette arbeide blei då starta opp og fullført i 2018. Etter dette viste det seg at prosjektet var spelt inn i Rogaland fylkeskommune sin handlingsplan for fylkesvegar, men ikkje før perioden 2022-23. Prosjektet var heller ikkje prioritert.,

Dette førte til at kommunen hadde møte med Statens Vegvesen hausten 2018. Her blei det einigheit om å gå vidare på sporet om bompengefinansiering for å framskynda prosjektet. I desember 2018 gjorde kommunestyre nytt vedtak om bomfinansiering.

Etter dette vedtaket har det, ikkje berre i Finnøy men over heile landet, vore ein stor debatt kring nytteprinsippet i samband med bompengeprosjekt. I nasjonal transportplan for 2014-2023 står det følgjande:  «Krav om samanheng mellom betaling og nytte er eit viktig prinsipp som skal liggja til grunn for bompengeinnkrevjing»

Slik saka står skal dette nytteprinsippet opp til ny vurdering i Vegdirektoratet. Dette er grunnen til at eg er veldig spent på om dette no let seg gjera, eller om me må venta til fylkeskommunen finn pengar til prosjektet.

Det var aldri vår intensjon å så tvil om kor vidt sykkelstien skal realiserast eller ikkje. Det som er uklart er om den kan finansierast med bompengar.,Øyfast var meint som eit eksempel på eit anna prosjekt som har same utfordring.

Henrik Halleland