25 prosent av elevane ved Tryggheim Strand er frå Finnøy

Aldri har det vore fleire elevar frå Finnøy enn ved skuleåret som startar neste veke.

Tryggheim Strand er ein populær skule blant elevar frå Finnøy.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

STRAND: Av totalt 115 elevar i skuleåret 2022/23 er 35 elevar frå Finnøy. Det er ny rekord.

Talet på elevar frå Finnøy har auka jamt og trutt sidan oppstarten i 2014. Ved oppstarten til dette skuleåret byrjar fem fleire elevar enn til sist skuleår. Elevane frå Finnøy er delt over fleire klassetrinn.

Tryggheim Strand er ein kristen grunnskule eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband, og held til i nye lokalar sentralt på Tau.

Stadig fleire frå Finnøy

Totalt har skulen 115 elevar til skuleåret som startar neste veke. Av desse kjem 35 frå Finnøy. Aldri før har talet på finnøyelevar vore så høgt. Talet har auka jamt og trutt sidan oppstartsåret 2014, då 23 elevar stilla til skulestart.

Skulen er organisert som ein fådelt skule, der 1. og 2. trinn er ein klasse, og 3. og 4. trinn er ein klasse. Frå 5. trinn og oppover er kvart trinn ein eigen klasse.

Skulen er godkjent for 200 elevar. Med fasilitetane slik dei er i dag er kapasiteten rundt 150 elevar.

– Kva er det som skil Tryggheim Strand frå andre grunnskular?

– Det er fyrst og fremst verdisynet vårt. Me har same læreplan som alle andre skular. I tillegg har me elevar frå mange kommunar, dei fleste er omliggande kommunar, seier assisterande rektor Jo Sølve Dalane.

Staten dekker 85 prosent av beløpet det kostar å ha ein elev på skulen, dei resterande 15 prosent er foreldrebetaling. Per i dag utgjer detrundt 1000 kroner per månad.

Publisert: