Har hogd ved i 50 år: Aldri opplevd større etterspørsel
Oskar Runestad på Fogn har hogd og seld ved i 50 år, men har aldri opplevd maken til etterspørsel som nå. Skyhøge straumprisar er forklaringa, meiner han.
FOGN: I bakken ovanfor huset i Eidsvåg på Fogn ligg 40 famnar med bjørke- og eikeved, fint oppstabla. Men vil du kjøpa, er du for seint ute.
-Veden blei seld tidleg i vår, seier Runestad til Øyposten.
-Pågangen etter ved er kollosal, eg har aldri opplevd maken. Eg får fleire telefonar om dagen, og kunne seld det eg makta å hogga. Det er til og med dei som spør om eg har våt ved til salgs, som dei kan tørka sjølv, legg han til.
Runestad har pensjonert seg frå jobb i kommunen, og 74-åringen trivst godt med å hogga ved. Det har han gjort i ein mannsalder og vel så det, og har mange faste vedkundar både på Fogn og Finnøy.
Vedhogst er kjekt
-Når det er tørrfrost om vinteren klør det i fingrane etter å «veda», seier han.
Det viser godt igjen, for i øyeblikket ligg det 40 famnar med bjørke- og eikeved fint stabla opp på eigedommen hans. For å vera lettare å stabla er veden skoren i 60 centimeters skier, men når han skal seljast kappar Runestad skiene i to.
Osakar Runestad trur det er dei rekordhøge straumprisane som gjer at folk er heilt «ville» etter ved.
-Blir også veden dyrare nå?
-Ja, eg må sjekka kva andre tek for han, men eg reknar med at prisen må opp, seier han, og legg til at i forhold til arbeidet har veden vore billeg.
-Kanskje det blir fleire som begynner med vedsalg, nå som veden går opp i pris, seier han, og meiner at ved er ein stor uutnytta ressurs.
-Det er uhorvelege mengder med ved i landet som kan hoggast. Bare her på Fogn er det mykje, seier Runestad.
Høge straumprisar
Veden prioriterer han til dei faste kundane sine, og reknar med å køyra han ut i september med lastebilen sin. Då leverer han veden på døra til kundane sine.
Det gjeld bjørkeveden, for nyhoggen eikeved må tørka i tre år før den er tørr, meiner Oskar Runestad, som har varmepumpe i tillegg til at han også fyrer med ved.
-Varmepumpa gjer det godt og varmt om morgonen, seier han.
-Kva synes du om straumprisane?
-Eg synes synd på barnefamiliar og næringslivet, dei får verkeleg kjenna det. Men me som er opp i åra og bare har oss sjølv å tenkja på, klarer oss alltids, meiner dern spreke fognbuen.