Ny generasjon skyttarar på Finnøy. Frå venstre Trond Birkeland Kvitberg, Anders Ilstad, Alexander Asheim, Tinus Granlund, Patrik Helle Avsnes, Theo Alexander Runestad og Tormod Mjølsnes. Dei kan øva skyteferdighetene på ein av dei flottaste innandørs skytebanane i distriktet.|Eldsjeler i skyttarlaget på Finnøy, Kirsten Elin Bergsvik og Folke Helle.

FINNØY:

Under sponsorsamlinga nyleg kunne Folke Helle og Kirsten Elin Bergsvik presentera dei nyaste planane frå klubben si side.,

Det er skyting på «løpende elg». Planen er å laga ein skinne med ein elgfigur som går fram og tilbake, for å gi betre skytetrening for jegrane på øya. Kostnadane for dette blir anslått til pluss minus ein halv million kroner.

I tillegg er det planar om å tilby «bedrifts-skyting» for sponsorar mellom oktober og april.

Laget ser for seg cupskyting, kor det blir skyting, kaffe og drøs ein gong i månaden.

Skyttarlaget på Finnøy kan nå skilta med eit av dei mest moderne anlegga i Rogaland. Totalt er det investert 10 millionar kroner, inklusiv mange, mange dugnadstimar. Laget har vore flinke til å søkja om støtte, og sit nå bare med ei gjeld på 650.000 kroner.

Nå sit laget med eit moderne klubbhus, kor eine halvdelen er innandørs skytebane med dataanvisning. Andre enden er klubblokale med kjøkken, som blir leig ut til festlege anledningar. Lokalet er utstyrt med dekketøy til 60.

Eldsjeler i skyttarlaget på Finnøy, Kirsten Elin Bergsvik og Folke Helle. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

De er det frivillige skyttarvesenet (DFS) som har kosta støydempa, innebygd standplass for skyting både på 100- og 300-meters bane.

Finnøy skyttarlag, som rundar 80 år i 2025, har 110 medlemmer, og framover vil laget spesielt satsa på å rekkruttera unge til skyttarlaget.

For tida er det seks-åtte ungdommar som deltar fast på treningar, men laget vil gjerne ha med fleire. Laget har våpen til utlån, og arrangerer skyteskule for å tiltrekkja seg ungdom.

Kirsten Elin Bergsvik frå Finnøy har vore leiar i laget sidan 1992, og har kome  sterkt arveleg belasta inn i skyttarbevegelsen. I tillegg er ho utdanningskontakt i Rogaland Skyttarsamlag, paraplyorganisasjonen for skyttarne i fylket.

-Både far og bestefar var aktive skyttarar. Det var slik eg blei med. Det er mange flinke, kvinnelege skyttarar i skyttarlaga, som er minst like gode til å treffa blink som mennene, seier ho.

Nå ladar laget opp til det årlege Finnøy-stevnet i mai, som brukar å samla eit 100-tals skyttarar frå heile fylket.

-Det er god stemning i laget for tida, og me håpar me nå for alvor kan ta i bruk det flotte anlegget vårt etter pandemien, seier Bergsvik.