Ungdommane i Finnøy er kjempeglade for Hjem for en 50-lapp, men skulle gjerne hatt ein app som gjer det lettare å bestilla/avbestilla. F.v: Vilde Vatnaland, Vilde Ruud, Lene Flesjå, Emma Louise Gardsteig og Natalie Rørheim.

FINNØY:

I går ettermiddag var det ope møte for ungdommar på innbyggartorget som ville meina noko om skyssordninga Hjem for en 50-lapp.,

Etter at ordninga blei gjeninnført frå nyåret, har det vore litt laber interesse for ordninga. Mange har heller ikkje brydd seg med å avbestilla plassar som ikkje skal brukast. Det gjer at kommunen må vurdera om det er behov for ei slik ordning i Finnøy.

Bevisstgjering av kostnadar

Det er Imme Dirk Eskeland og Nina Prytz frå kommunen som har teke initiativ til møtet.

- Ein gong gløymte alle me tre å avbestilla. Me ser no at det er ikkje ok, seier Lene Flesjå som får bekreftande nikk frå veninnene.

Dirk Eskeland viser ungdommane reknestykket som ordninga er basert på. Kor mykje kommunen må betala taxiselskapet for kvar enkel avgang, og kva prisen blir per ungdom som er reiser med i taxien. Jo færre som reiser, jo dyrare for kvar passasjer.

Vidare viser ho ein oversikt på kor mange som har bestilt på dei enkelte avgangane, og kor mange som ikkje møtte opp til avgang. Berre eit fåtal av desse avbestilt plassen sin.

- Me gjer dette  for å bevisstgjera ungdommane på kva ordninga kostar, spesielt når dei ikkje nyttar seg av den bestilte plassen, og denne ikkje kan seljast vidare. Reknestykket viser heilt klart at slik det har vore til denne tid, er det ikkje berekraftig og kan ikkje fortsetta.

Nye tankar

Kommunen har fått 70 000 kroner av fylkeskommunen til å prøva ut ordninga. Maxitaxien har plass til åtte passasjerar og går frå Stavanger sentrum kvar natt til sundag klokka 0200. Med dagens prisar betyr det at kommunen kan halda tilbodet i gang til august/september.

- Me er kjempeglad for ordninga og vil svært gjerne behalda den. Aller helst vil me ha ein avgang natt til laurdag og, men forstår det er dyrt. Me ser og at det viktig å avbestilla og skal bli betre på det, lover Vilde Ruud, som etterlyser ein app som gjer bestilling/avbestilling enklare.

- Det skulle me gjerne hatt, men det er diverre ikkje mogleg no. Me veit det er litt tungvint å måtte ringa taxien, men det må me nok leva med. Hugs å lagra telefonnummeret til taxien på telefonen, det gjer det litt enklare, seier Prytz.

Elles hadde ungdommane fleire gode forslag til måtar å strekka reisebudsjettet lengst mogleg på. Korleis dei kan nytta taxien endå meir effektivt, og få endå fleire til å nytta seg av ordninga.

- Nokre let seg ikkje gjennomføra, men andre tek me med oss tilbake til byen for å sjå nærare på, seier Dirk Eskeland.

,-

Kva tenker du om møtet

?,

- Eg tykkjer det er positiv å møta ungdommane og få innspel og tilbakemeldingar frå brukarane. Samt at me fekk informera om bakgrunnen, og kva me i kommunen synes er viktig. Det er jo på den måten Hjem for en 50-lapp kan bli endå betre, seier Imme Dirk Eskeland.