To tonn tomater gjekk med under Tomatfestivalen

Gartnararane er strålande fornøyd med årets Tomatfestival, og opplever at festivalen har gitt næringa mykje god, positiv pr. To tonn med tomater gjekk med under festivalen.

Det var trengsel rundt snopebua i gartnarteltet under Tomatfestivalen, kor barn under 12 år kunne forsyna seg av gratis tomatsnop.
Publisert: Publisert:
Bedford’en med lasteplanet fullt av tomatar var eit ynda fotoobjekt.

FINNØY: -Det var ein veldig bra festival, og positivt for tomatnæringa. Alt frå fagdagen på torsdagen til høgdepunktet laurdagen, seier gartnar Håvard Skavland frå Talgje til Øyposten.

Både han og kona Edle var sterkt engasjert under festivalen. Mellom anna stilte dei med ein veteran Bedford-lastebil med lasteplanet dekorert med ein svær haug med tomatar. Det var ein av hovudattraksjonane i gartnarteltet, som blei foreviga frå alle mulige vinklar av publikum.

Der var det også rigga til med snopeavdeling, kor barn kunne forsyna seg med med tomater i staden for søte slikkerier heilt gratis. Skavland reknar med at det gjekk med eit par hundre kilo tomater til barna.

-Dessutan har me aldri seld så mykje tomater som under denne festivalen. Rundt eit tonn tomater gjekk ut, opplyser ein fornøyd Talgje-gartnar.