Årets Tomatfestival blei ein fest på Finnøy
Publikum koste seg i finvêret under Tomatfestivalen på Judaberg laurdag. Leiaren av festivalen syntes alt gjekk på skinnar under årets festival.
FINNØY: Kor mange som var innom årets Tomatfestival, er det foreløpig ingen som har oversikt over. Men det var mange, mange.
Leiar for festivalen, Silje Vignes Flesjå er svært fornøyd med årets festival.
-Det har bare vore ei glede, heile festivalen. Det har gått kjempefint, seier ho.
Tomatfestivalen får masse skryt for kjekt og profft opplegg frå publikum Øyposten snakka med.
Solrunn og Jarle Bjerga frå Rennesøy er storvegs imponert.
-Det er kjekt at dei får til så mykje bra på Finnøy, seier dei. Neste helg er det Rennesøydagar, og dit skal dei også.
-Men Rennesøydagane har nok noko å strekkja seg etter, meiner dei.
I «striten» på Judaberg var det tjukt av folk heile laurdagen, og festivalen må ha gode kontaktar med høgare makter. Dei var kort og godt «svinheldig» med vêret. For akkurat laurdag var det lange periodar med deilig sol, mens det seinare på kvelden, og dagen før, pøsregna.
I teltet til gartnararne er Bedford’en til Håvard Skavland frå Talgje den store attraksjonen. Lasteplanet er dekka av tomater, og på bakken kveilar tomatplanter seg heilt fram til styrehuset.
Kven trudde at tomatplanter kunne bli mange meter. Det overraska fleire.
Ingeborg Sand kjem heilt frå Høle, og ho «bare må» foreviga lasset med knallraude tomater på lasteplanet.
-Eg har filma det. Det er heilt utruleg. Ein veldig flott festival, seier ho.
Det var både kunstnarlege og musikalske innslag under festivalen.
I høgda over Judaberg, utfor Otto-huset spela Gisle Børge Styves trio opp til konsert. For dei som ville ta det litt rolegare var dette ein oase. Nokre få regndråpar, men aller mest sol og flott, duvande musikk fekk folk til å storkosa seg i solbakken.
Inne hadde Finnøy-kunstnaren Ivar Haugen utstilling av mange nye bilete. Totalt 15 malerier hadde han stilt ut under festivalen, og fire av dei var selde då Øyposten kikka innom.
Det var også konsert med Finnøy Musikkorps på kaien, som samla mange. Her låg også den staselege seglskuta «Restauration» ved kai, kor det var orientering for historisk interesserte ombord.
Og klokka fem spela artisten Ingve «Goggen» Gottschalksen opp på Dickins pub og restaurant på Judaberg. Der var det «stinn brakke» og god stemning, og nokre fann også fram dansefoten i den fine ettermiddagen.