Mimir heldt 17.mai-talen på Finnøy.

FINNØY: Heilt på slutten kom det likevel eit lite politisk stikk, men ikkje verre enn at det truleg gjekk rett heim hos finnøybuen.,

-Norge er ikkje Oslo, eller ein bydel i Stavanger. Eit land kan ikkje bare bestå av storbyar, det er lokalsamfunn som Finnøy som er Norge. Det er ein grunn til at me bur her. Me er glad i dette landet, og de tek vare på det. Det skal de ha stor takk for, sjølv om me som bur i byen ikkje alltid er like flinke til å takka dykk for det, sa Mimir mellom anna.

Mimirs 17. mai-tale var av det korte slaget, men poengtert. Han trakk linjene tilbake til Eidsvold i 1814 og Asgaut Olsen Regelstad, kor landet blei gjort til vårt eige etter mange hundre år med framant styre.

-Der blei grunnlaget lagt for det moderne Norge. Nå skulle ikkje landet styrast av ei endelaus rekkje av Fredrik og Kristian'ar, men av folk som Asgaut Olsen Regelstad, sa Mimir mellom anna, kor han også var innom Ukraina, og kor viktig det var å ta godt imot flyktningane derifrå.