Helgøysund kåra til årets gjestehavn for andre gong

For andre gong er Helgøysund marina kåra til årets gjestehavn. Helgøysund halte seieren i land hakket framfor Oscarsborg gjestehavn ved Drøbak.

Idylliske Helgøysund er innfallsporten til Sjernarøyane. Helgøysund marina ligg til venstre på biletet.
Publisert: Publisert:

VANT: -Me er kjempefornøyd med å ha fått førsteplassen, det er veldig kjekt, seier Oddfrid Nygård Nedrebø til Øyposten.

Det er andre gong Helgøysund marina er kåra til landets beste gjestehavn av Båtmagasinet sine lesarar. Første gong var i 2008, og i tillegg har Helgøysund to andreplassar.

Då avstemninga blei avslutta 7. mai, hadde tre fjerdedelar av stemmene havna hos Helgøysund marina og Oscarsborg gjestehavn ved Drøbak. Men det var Helgøysund som drog iland seieren.

Oddfrid Nygård Nedrebø kan nå tilby sykkelutleige frå butikken på Helgøysund. I bakgrunnen Thomas Stornes frå sykkelverkstaden «Paahjul».

-Me var utrulig fornøyd først å bli plukka ut blant dei 16 beste gjestehavnene, og ikkje mindre fornøyd då me blei nominert blant dei seks beste. At me gjekk heilt til topps, betyr sjølvsagt mykje for oss, seier Nygård Nedrebø, som neste år kan feira at butikken i Helgøysund rundar 100 år.

-Kva er årsaken, trur du, til at de gjekk heilt til topps?

-Me held til på ein nydeleg plass, det finst knapt ein finare plass enn Sjernarøyane i sol. Dessutan prøver me å halda eit høgt servicenivå slik at folk skal føla seg velkomne, og me har også flinke medarbeidarar som står på, seier Oddfrid Nygård Nedrebø.

Ho dreg også fram marinaen si satsing på sykkelutleige, tilrettelegging for småbarnsfamiliar og stadig fornying av anlegget som viktige årsaker.

Det var gründeren Daniel Nedrebø som såg muligheten til å utvikla ei av Ryfylkes første private gjestehavner for 54 år sidan. I dag er det dottera Oddfrid Nygård Nedrebø som driv gesjeften vidare med mellom anna butikk, kafé og sandstrand. Denne sesongen er det også kome på plass nytt bunkringsanlegg. Helgøysund marina har i dag 90 gjesteplasser, men ifølge Båtmagasinet var rekorden, før båtane blei så store som i dag, 130 båtar.