Med 80 utstillarar og opphaldsvær så godt som heile helga, blei Rennesøydagen ein stor suksess.
– Me hadde vel 4000 besøkande frå fredag til søndag, av desse mellom 3000 og 3500 berre på laurdag, seier Tom Egill Tobiassen i arrangørstaben.
Med desse besøkstala er Rennesøydagen nesten på høgde med Tomatfestivalen, men med eit vesentleg lågare budsjett.
– Me var ærlege frå starten og sa at dette ikkje kunne bli eit dra-prosjekt. Dette måtte bli eit fellesskapsprosjekt, seier Tobiassen:
– Me opplevde engasjement frå alle hald og ei enorm glede frå utstillarar og dugnadsfolk. Folk blei med for å vise fram kva Rennesøy kommunedel har å by på.
Ansvarlege for arrangementet var Lene Dalaker i Lykkelig og Alvilde og Tom Egill Tobiassen i Ryklame. Stavanger kommune ga 150.000 kroner i kommunal støtte. Å få ein marknadsplass i Vikevåg laurdag, var gratis for alle.
Desse laga familiedag i Prestvågen søndag med sjø- og strandbaserte aktivitetar; f.v. gruppeleiar Tore Vareberg i Mastra Sjøspeider, stifinnarleiar Camilla Surnevik Kristiansen i Rennesøy KFUM/KFUK Speideren og Helene Birkeland i Happy Hikers. Mellom seg har dei ungane Anna og Ragnhild Surnevik Kristiansen. Kring 250 små og store var innom. Foto: Sigbjørn Høidalen
Opningsshowet i Meieriet fredag samla kring 300 tilhøyrarar, som er fullt hus. Mange fekk òg med seg familiedagen i Prestvågen søndag, og foredraget søndag kveld med Sven Egil Omdal. Omdal greidde ut om sjukepleias historie gjennom førre tusenår, og som ein av tilhøyrarane sa etterpå: «Me kan vere glade for at me lever i dag».
Sven Egil Omdal prata blant anna om den skremmande radesyken, den stavangerske pesten, som herja i Sør-Norge på 1700-talet og som gjorde at det første kurative legestyrte sjukehuset i landet blei oppretta i Stavanger i 1773. Foto: Sigbjørn Høidalen
Her er bilder frå den store marknadsdagen i Vikevåg laurdag:
Nils Hollund (t.v.) frå EcoFiber Recycling og leiar av Kystlaget, Jon Tore Helland, visar fram gamle båtmotorar som dei har sett i stand. Foto: Silje Talgø KlakeggLinda Håvastein fortalde om veldig bra sal for «Gjenbruk med snert» i Meieriet. – Masse kjekke og handleglade folk her i dag, sa ho til Øyposten. Foto: Sigbjørn HøidalenIda Nevøy-Meling med hesten Huldra stod på stand for Mastra hestesportklubb. Foto: Sigbjørn HøidalenLinda Saglien Svensen dirigerte korpsmusikarar frå heile Rennesøy kommunedel ved inngangen til festivalområdet. Linda var dessutan ein av tolv nominert til Mastrafjordprisen. Foto: Sigbjørn HøidalenPolitikartorget vrimla av så vel politikarar som veljarar. Foto: Sigbjørn HøidalenGreen Mountains digitale lykkehjul gjorde stor lykke. Sven Magne Ullenes deler ut premiar. Foto: Sigbjørn HøidalenRennesøydansarane underheldt med dans til «Shake it off» av Taylor Swift. Foto: Silje Talgø KlakeggHonning-karane, Lauritz Løvereide Stølås (t.v.) og Ravn Alec Løland Gundersen, frå Østhusvik synte fram ekte bier i arbeid. Sin første honning å selje får dei først neste år. Foto: Sigbjørn HøidalenRoar Larsen kjøpte kveldens første øl av Andreas Kjølleberg då marknaden var over og mattelt blei gjort om til ølteltet. Foto: Sigbjørn Høidalen