Måndag starta Arendalsveka, ein demokratisk verkstad der det i løpet av fem dagar skal avviklast 1700 arrangement i Arendal sentrum.

Eit av dei første arrangementa var Ung i landbruk, der ein ung tomatbonde frå Fogn sat i panelet.

– Vivan Bøe Djønne er påtroppande tomatgartnar på Fogn, og ho presenterte seg og næringa på ein veldig fin måte, seier innbyggarkoordinator Oddvar Vignes.

Han følgde presentasjonen på nett, der arrangementet blei streama så i teorien heile Norge kunne følgje med.

– Vivian er ein strålande representant for framtida til Fogn og tomatnæringa, seier Vignes.

Programmet blei leia av redaktøren i Bondevennen.

Stavanger kommune satsar i år sterkt på å vere synlege under Arendalsveka. Øyposten har tidlegare omtala at Rødnes utsleppsfrie flaggskip Rygerelektra er til stades for å reklamere for energihovudstaden.