Nå er naturgass billegare enn propan

Prisane på naturgass har gått drastisk ned, mens prisane på propan har vist ein svak oppgang. Akkurat nå er naturgass konkurransedyktig med propan, ifølge Lyse.

Tankbil lasta med propan.
Publisert: Publisert:

GASS: Mange gartnarar i øyane kasta seg på «propanbølga» då prisane på naturgass gjekk i taket, ikkje minst etter sabotasjen av gassrøyrledninga Nordstream.

Men nå er prisbiltetet eit ganske anna, opplyser Bjørn Erik Rege, kommersiell produktsjef for gass i Lyse. På det dyraste låg snittprisen for naturgass på rundt tre kroner, men nå er prisen nede i rundt 76 øre med alle påslag.

Bjørn Erik Rege, kommersiell produktsjef for gass i Lyse

-Me ser at prisane på naturgass er på veg nedover, mens det er ein svak auke på propan. Akkurat i øyblikket ligg naturgassprisen under propanprisen, opplyser Rege til Øyposten.

Ifølge Rege er prognosane for marknaden framover prisa rundt dagens nivå fram til september, mens vintersesongen er prisa litt høgare, noko som er naturlig med variasjon i forbruk.

-Er det gartnarar som har gått over til naturgass igjen?

-Det er nok individuelt. Nokre av dei har gjerne forpliktande avtalar mot andre leverandørar, men eg trur dei som ikkje har forpliktingar vil vurdere å byta tilbake til naturgass. Utsiktene framover nå er veldig gode, understrekar Bjørn Erik Rege.

Gartnar Stig Jakob Hanasand kjem ikkje til å gå over til naturgass nå, og trur heller ikkje det er så mange andre gartnarar som kjem til å gjera det.

-Prisen på propan og naturgass er veldig «close» nå, men Lyse kjenner ikkje avtalen me har inngått for kjøp av propan, seier Hanasand, som har gjort avtale om kjøp av propan fram til juli 2024.

-Fleire gartnarar har avtalt å kjøpa eit viss volum propan, og då vil dei først ta det ut. Dessutan er prisen på propan litt meir forutsigbar enn naturgass, meiner Stig Jakob Hanasand.

Stig Jakob Hanasand kjem ikkje til å gå tilbake til naturgass nå.