Tid for litt førjulsstemning i Kaihuset

Tove Rosland har fått på plass julepynten i Kaihuset på Judaberg.

Skikkeleg førjulsstemning i Kaihuset til Tove Rosland på Judaberg.
Publisert: Publisert:

FINNØY: -Eg pleier å pynta i begynnelsen av november, seier Rosland til Øyposten.

-Kva er tilbakemeldingane frå folk?

-Eg trur dei synes det er koseleg at eg lagar til litt førjulsstemning her, svarar Rosland.

Litt nærmare jul kjem det også julebakst i butikken.

-Då blir det godlukt her. Både serinakaker og brune stenger er blant kakene eg bakar, opplyser ho.

Nisjebutikkens dag

Juletreet kjem også på plass utfor Kaihuset, men det skjer ikkje før første søndag i advent.

-Du må heller ikkje gløyma å nemna at me skal ha «Nisjebutikken dag». Det blir laurdag 25. november, dagen etter «Black Friday». Det skal setja fokus på dei mindre butikkane som driv litt meir berekraftig enn «Black Friday». Me kan ikkje tilby supertilbud, men ein kopp kaffi og noko attåt skal det bli, lovar butikkeigaren på Judaberg.