Kommunen vil auka skotpremie for mink til 250 kroner
Stavanger kommune vil auka beløpet for skotpremie for mink frå 100 kroner til 250 kroner.
STAVANGER: Finnøy fekk godkjent skotpremie på mink i 2015, og dette vedtaket gjeld fortsatt. Noko tilsvarande er det ikkje funne i Rennesøy, og difor må det her søkjast om å utbetala skotpremie.
På Finnøy kan skotpremien utbetalast ved framvising av skotne dyr på Innbyggartorget på Judaberg. Skotpremien blir ikkje utbetalt kasj kontant på Innbyggartorget, men overført til jegarens konto.
Mink er ein innført art som er framand i norsk natur. Arten er eit rovdyr som fangar mykje fugl og gjer stor skade på naturleg fauna.
«Mink er en direkte trussel for vårt naturlige artsmangfold og er oppført med svært høy risiko på Nasjonal fremmedartsliste. Fjerning av mink fra viktige fuglebiotoper (naturvernområder) har gitt svært gode resultat på faunaen i mange områder, og er nå en statlig strategi», heiter det frå kommunen si side.
Tidlegare Finnøy og Rennesøy kommunar har utbetalt 100 kroner i skotpremie for mink. Denne ordninga blei vidareført etter at dei to kommunane gjekk saman med Stavanger i 2020. Gamle Stavanger kommune har ikkje utbetalt skotpremie, men har aktivt bekjempa mink i kommunal regi på utvalde stader i skjergarden over fleire år.
I løpet av dei to åra som har gått etter at Finnøy og Rennesøly gjekk saman med Stavanger er det utbetalt skotpremie for totalt 68 mink til eit samla beløp på 6800 kroner. Kostnadene går over kommunens driftsbudsjett for bekjemping av framande artar.
Kommunen vil auka premien for å stimulera interessa for jakt på mink. Dei siste åra er det blitt skotne 30–40 mink, og viss dette kan aukast til 100 mink vil det utgjera eit utgift på 25.000 kroner per år.
Kommunen rår ikkje til at det blir jakta i bynære strøk, og at premien fortsatt skal gjelda for bare Finnøy og Rennesøy.