-Grip sjansen lnett, til ei klok og framtidsretta løysing
Med eit framtidsretta val med jordkabel får me i pose og sekk: Ein robust og stabil energiforsyning og attraktive tur- og rekreasjonsområde med gode landskapskvalitetar, skriv Rennesøy og Finnøy turlag i si fråsegn til NVE om den nye kraftforbindelsen.
Rennesøy og Finnøy turlag er eit lokallag av Stavanger turistforening. Hovudoppgåva vår er å leggje til rette for friluftsliv og folkehelse med å merke og skjøtte turstiar i kulturlandskapet/jordbrukslandskapet i kommunedelane Finnøy og Rennesøy i Stavanger kommune.
Alt skjer på dugnad. I Rennesøy kommunedel er det no over 4 mil med merka
turstiar i jordbruket sitt kulturlandskap. Det er turlaget som skjøttar og vedlikeheld desse i samarbeid med grunneigarane og kommunen. I Finnøy kommunedel er det merka turstiar på alle øyane.
På alle desse unntatt Finnøy er det grendalaga som har ansvaret for
tilrettelegging og skjøtsel i samarbeid med grunneigarane/bøndene og kommunen. På Finnøy er det turlaget. I seinare tid har turlaget merka to rundløyper i same området kor det er føreslått luftspenn og master.
• Frå Kvitevik langs strandsona og rundt Vigneshalvøya til Nordre Vignes.
• Frå Teigen over Bergevarden, over Kyrkjeskaret langs Sevheimsvatnet og rundt
Bleivatnet og Ladsteinvatnet ned til Kvitevik.
Fleire og fleire går tur
Turstiane er populære og me opplever at fleire og fleire brukar turstiane og turområda.
Turområda er nærfriluftsområde for folk frå byen, hyttefolk og fastbuande. For å få til turstiar i jordbruket sitt kulturlandskap (innmarksbeiter), er me avhengige av eit godt samarbeid og friviljuge avtalar med bøndene/grunneigarane. Fjordane er og viktige for friluftslivet. Det er ei auke i fritidsbåtar som brukar fjordane og turområda på Ryfylkeøyane.
Tilrettelegging av turområde og turstiar gir positive ringverknader for lokalt næringsliv.
Grip sjansen Lnett til å bli ein moderne, framtidsretta og klok samfunnsutviklar
.
• Som spelar på lag med særpreget og det unike øylandskapet på Ryfylkeøyane, og som ikkje skjemmer ut for alltid, perlerada av eit unikt øylandskap i Stavanger kommune.
• Som gjer at framtidige generasjonar takkar dykk og tenkjer at de gjorde kloke
verdival.
• Som gjer at me som bur på øyane blir stolte av dykk avdi de lytta til og tok omsyn til folkeviljen.
Ei framtidsretta, moderne og klok løysing, konklusjonen frå turlaget:
• Kraftledningane i jordkabel på Fogn, Finnøy og på Rennesøy.
Slik vil Ryfylkeøyane halde fram med å vera attraktive og levande lokalsamfunn med bulyst, identitet, næringsliv (jordbruk og reiseliv) og vakre kulturlandskap med gode friluftsområde som gjer godt for folkehelsa.
Turlaget er samd i at straumen må fram og at det må sikrast ein robust og stabil
energiforsyning for å oppretthalda og vidareutvikla lokalsamfunna og næringslivet på Ryfylkeøyane.
Med eit framtidsretta val med jordkabel får me i pose og sekk: Ein robust og stabil
energiforsyning og attraktive tur- og rekreasjonsområde med gode landskapskvalitetar.
Kraftledningane i jordkablar på Finnøy og Rennesøy kan kombinerast med gang- og sykkelveg frå Judaberg til Ladstein og frå Hanasand til Eltarvåg. Det er ikkje Lnett sitt ansvar å sørgje for trafikktryggleik og trygg skuleveg, men Lnett med eit samfunnsansvar, kan vera ein pådrivar for å få til ein lenge etterlengta gang- og sykkelveg. Det vil vera ein vinn- vinn situasjon og samfunnsøkonomisk smart.
Ei slik samkøyring ivaretek landskapskvalitetane på Ryfylkeøyane, det gir trafikksikker skuleveg, det gjer godt for folkehelsa og det er klimavenleg sidan me kan koma oss til turområda med enten på sykkel eller til fots.
Uboteleg og svært skjemmande
Turlaget meiner alle forslaga til luftspenn og master på øyane Fogn (blir mykje høgare og meir synlege enn dei som er i dag), Finnøy og Rennesøy er ubotelege og svært skjemmande inngrep i kulturlandskapet.
Dei øydelegg kvalitetane til kulturlandskapet som opplevingar i seg sjølv og ikkje minst som tur- og rekreasjonsområde for fastbuande, hyttefolk og tilreisande frå byen. Dette har og negative konsekvensar for folkehelsa. Fysisk aktivitet og
friluftsliv er særs viktig for folkehelsa og livskvaliteten.
Det unike kulturlandskapet, jordbruket sitt kulturlandskap.
Master og luftspenn vil øydeleggja det unike kulturlandskapet. Dette er ikkje bra for friluftslivet sidan dei gode turopplevingane kan knytast til landskapet. Ryfylkeøyane har ikkje fjella og utmarka som attraksjonskraft. Det er det unike kulturlandskapet skapt og skjøtta av jordbruket med beitande dyr, som gjer Ryfylkeøyane til attraktive turområde. Utan eit aktivt jordbruk med beitedyr gror landskapet og turområda att.
Master og luftspenn vil redusera verdiane til og kvaliteten på turområda som er definert som særs verdifulle friluftsområde på Finnøy og Fogn. Stavanger kommune har gjort ei kartlegging av friluftsområda i Finnøy kommunedel. Under er eit kart som viser kva som er definert som særs viktige og verdifulle friluftsområde, sjå raude område.
Kvardagslandskapet
Kulturlandskapet på Ryfylkeøyane er kvardagslandskapet vårt. Den europeiske landskapskonvensjonen gjer at Lnett pliktar å ta omsyn til folkeviljen når det
gjeld omsynet til landskapet og ivaretaking av kvardagslandskapet.
Hausten 2001 slutta Noreg seg til den europeiske landskapskonvensjonen. Konvensjonen legg særleg vekt på kvardagslandskapet. Det er landskapet kor folk bur og arbeider og kor ungane veks opp.
Konvensjonen tek ikkje sikte på å hindra endringar men å påverka endringane i ei retning folk ynskjer. Folkemøtet på Finnøy, folkeviljen i alle aldrar og interesser, syner tydeleg at me vil ha kvardagslandskapet vårt intakt utan skjemmande master og luftspenn. For å ha kvardagslandskapet intakt er løysinga; jordkabel.
Landskapet på Rennesøy
Staten seier det er unikt og forvaltar det som unikt. Master og luftspenn vil øydeleggja kvalitetane til kystlyngheia, det utvalgte kulturlandskapet
og landskapet som kulturhistorisk verdi av nasjonal interesse/KULA.
Ryfylkeøyane er eit unikt, samanhengande og heilskapleg kulturlandskap som marknadsfører seg som dei grøne, lyse og levande øyane. Dei grøne øyane har eit kulturlandskap utan skjemmande høge installasjonar og jordbruk med beitedyr.
Rennesøy er særleg unikt med mange landskapskvalitetar. Rennesøy har eit samanhengjande kystlyngheilandskap, definert som utvald kulturlandskap av Staten v/Landbruks- og matdepartementet og som kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse av Staten v/Riksantikvaren.
Liten rest av kystlyngheia
Kystlyngheilandskapet er ein del av ei felles europeisk kulturarv. Kystlyngheia på Rennesøy er ein liten rest av eit landskap som me tidlegare hadde i store delar av kystområda i Europa.
Området er med i den landsomfattande satsinga på utvalde kulturlandskap i jordbruket. Det blir delt ut årlege midlar til investerings- og skjøtselstiltak som skal ivareta natur- og kulturverdiane i kulturlandskapet.
Staten saman med kommunen, bøndene og turlaget, forvaltar og driv landskapsleie med tilrettelegging av turstiar, beitedyr og anna skjøtsel for å
ivareta natur- og kulturverdiane. Kystlyngheilandskapet er eit attraktivt tur- og
rekreasjonsområde.
Det meste av skjøtsels- og vedlikehaldsarbeidet av turstiane i området
blir gjort på dugnad.
Store tekniske installasjonar vil ha omfattande negative verknader på korleis me oppfattar landskapet og konteksten til landskapet. Den visuelle effekten vil merkast på lang avstand.
Ryfylkeøyane vil endra landskapskarakteren totalt og få eit heilt anna relieff enn i dag med luftspenn og høge master. Det heiter i rapporten frå Riksantikvaren.
Kulturhistoriske landskapav nasjonal interesse i Rogaland, at landskapet er sårbart for høge installasjoner som vil forstyrre den historiske lesbarheten og sammenhengene i landskapet.
Perlerada av kulturlandskap i Ryfylkefjordane
Master og luftspenn vil øydeleggja perlerada i Ryfylkefordane av unike kulturlandskap. I 2020 vart Finnøy og Rennesøy kommune slått saman med Stavanger kommune. Då fekk Stavanger kommune ei perlerad av grøne øyar med vakre kulturlandskap.
Midt i perlerada og mellom to kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse ligg Finnøy og Fogn. Perlerada er særs sårbart for endra arealbruk og for store nye inngrep som luftspenn og master. Desse vil bryta samanhengane, den overordna heilskapen og korleis me oppfattar den kulturhistoriske konteksten til landskapet.
Desse vil endra karakteren, relieffet til perlerada og særpreget til øylandskapet. Det er umogleg å prissette verdiane som går tapt og kva verdiar som går tapt for alltid om det kjem master og luftspenn i perlerada.
Kart som viser kvar det er kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse i Rogaland. Kartet viser at Finnøy og Fogn ligg som ein kile i perlerada av landskap, imellom to kulturhistoriske landskap av najsonal interesse; Sjernarøyane og Rennesøy.
Bygg ein spenstig og kreativ trafostasjon
Turlaget ventar at transformatorstasjonen ikkje blir bygd på dyrka mark. Ein
transformatorstasjon på tomta kor Finnøy Motor heldt til tidlegare, vil liggja i eit buområde og i nærleiken til ein mykje brukt veg til friområdet/badestranda.
Turlaget utfodrar Lnett til å utforma eit signalbygg med ein byggeskikk som er tilpassa omgivelsane og ikkje omvendt, at transformatorstasjonen vert eit høgt og skjemmade element i innfallsporten til Judaberg sentrum og til badestranda.
Signalbygget kan slik bli ein attraksjon i seg sjølv. Kva med å tenkja klimatilpassing i materialbruk (bruk av tre?) og attraksjonskraft med gatekunst på veggane. Det hadde vore spenstig og kreativt.
Konkrete tilbakemeldingar på forslag til utgreiingsprogram
Til punktet 10.4.1 Landskap og visualisering
det skal gis en beskrivelse av landskapet som anlegget berører.
• Her oppmodar turlaget til å: Bruke bilder som viser korleis landskapet er per i dag, utan menneskelege inngrep. Skildra kva som er bakgrunnen for
landskapet/kulturlandskapet: rolla til eit aktivt jordbruk med beitande dyr. Skildre heile øylandskapet, jf perlerada, ikkje berre øyane kor det er føreslått luftspenn og master.
Utgreiingar:
• Greie ut om konsekvensane for kulturlandskapet og turkvalitetane til
kulturlandskapet av luftspenn og master. Vidare om kva konsekvensar dette har for friluftslivet og folkehelsa.
• Greie ut om konsekvensane luftspenn og høge master har for heile øylandskapet, jf perlerada, og for nasjonalt viktige kulturhistoriske landskap.
• Greie ut om konsekvensane luftspenn og master har for turopplevingane og
friluftslivet på fjordane.
• Greie ut om kva konsekvensane er for kvardagslandskapet vårt av luftspenn og
master. Skildre kvifor kvardagslandskapet er viktig og kva som går tapt om det kjem luftspenn og master.Turlaget presiserer at det aller meste av kraftlinene på Finnøy per i dag er lagt i jord. Dette vart gjort på grunn av omsyn til landskapet, jordbruket og generelt då dette var framtida.
Punkt 10.4.3 Friluftsliv
Greie ut om:
• Kva er konsekvensane av luftspenn og master for bruken av turstiane og turområda?
• Kva konsekvensar har luftspenn og master for kvaliteten på områda som friluftsliv- og rekerasjonsområde?
• Kva konsekvensar har luftspenn og høge master på verdisettinga av friluftsområda på øyane Finnøy og Fogn som særs viktige friluftslivsområde?
• Greie ut om dei samfunnsmessige godene av jordkabel: friluftsliv,
landskapskvalitetar, folkehelse og klima. Dei samfunnsmessige godene av av å
kombinera jordkabel og gang- og sykkelveg bør takast med i dei samla utgreiingane av konsekvensar av å leggja kraftledningane i jordkabel versus med master og luftspenn i kulturlandskapet.
Turlaget ynskjer å minne om regjeringa sine forventningar til regional og kommunal planlegging og oppmodar til at desse forventingane blir følgd opp når det gjeld omsynet til samfunnsverdiar og goder, og at samla verknad blir greia ut om.
- Fylkeskommunane og kommunane identifiserer og tek omsyn til viktig
naturmangfald, friluftsområde, oveordna grøntstruktur, kulturhistoriske verdiar,
kulturmiljø og landskap i planlegginga. Samla verknader blir tekne omsyn til
Kjelde: Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2019 – 2023. Vedtatt ved kongeleg resolusjon 14. mai 2019. Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Finnøy 24. februar 2023
Kirsti W. Løvik
Leiar
Sign.