Kommunedelsutvala tildeler pengar til organisasjonar kvart år. Viss du har ein idé, må du skynde deg å søkje. Dette er Finnøy kommunedelsutval. Foto: Arkiv

Kvart år delar kommunedelsutvala ut midlar til organisasjonar som vil gjennomføre prosjekt som kjem innbyggjarar i kommunedelen til gode. Alle kommunedelane har kvar sin pott å dele ut.

Følgjande kriterium leggjast til grunn for tildelinga.

  • Tiltak skal vere opne for innbyggjarane i bydelen og bidra til gode hverdagsliv og nærmiljø.

  • Faste aktivitetar som eldsjelpris, aktivitetsdag og diverse må søkjast på.

  • Viss same aktivitet gjennomførast i fleire bydelar, kan det givast støtte til arrangement i kvar bydel så lenge de andre krava er oppfylt.

Alle lag og organisasjonar, idrettslag, musikkorps, velforeninger, burettslag og andre kan søke om tilskot til aktivitetar. Disse må vere registrert i Frivillighetsregisteret.

17. mai-komitéar kan ikkje få midlar her, sidan dei har eigne stader å søkje om støtte frå.

For å søkje om støtte, må du gå inn på denne lenka.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Rita Lindås på Finnøy innbyggjartorg eller Tina Nådland på Rennesøy innbyggjartorg.