Rødne: -Ei gladsak for distrikta at hurtigbåten blir gratis
-Dette er ei gladsak for distrikta i Ryfylke, seier dagleg leiar i Rødne As, Lars Andre Rødne.
SAJERNARØY: -Dette er ein kjempenyhet, og eg trur at fleire nå vil koma til å velja hurtigbåten, seier Lars Andre Rødne til Øyposten.
–Passasjertalet på hurtigbåtane blei redusert under pandemien, og det har ikkje teke seg opp igjen. Dessutan har gratis ferje stole ein del passasjerar frå hurtigbåtane. Men når hurtigbåten blir gratis, kan det bli duka for ein renessanse for hurtigbåten med kø fredag og søndag slik det var i gamle dagar, seier Rødne-sjefen.
Glede å gi folk litt romslegare økonomi
Ordførar Kari Nessa Nordtun seier at det er ei glede å gi tilbake noko av overskotet i Stavanger kommune til innbyggjarane i kommunen.
-Det kan gi folk litt romslegare økonomi. Dessutan kan me sleppa å innføra rushtidsavgift fordi me ikkje har nådd målet om kollektivreiser. Næringslivet går godt og Stavanger kommune går godt, seier Nessa Nordtun til Øyposten.
Ho seier at målet er at buss, hurtigbåt og tog i Stavanger kommune skal bli permanent gratis, men understrekar at fleirtalspartia sjølvsagt vil ha ein trygg og ansvarleg kommune-økonomien.
–Eg håpar fleire set bilen igjen heime, og heller reiser kollektivt, seier ordføraren.
Stavanger kommune spyttar inn 200 millionar kroner i tiltaket, som tilsvarer passasjerinntektene frå bussar, båt og tog.
Nessa Nordtun har tru på at buss, tog og hurtigbåtar vil bli gratis frå første juli, og har gitt kommunedirektøren i oppdrag å ta kontakt med Kolumbus for å få dette til.
-Kolumbus er eit framoverlent selskap, så eg trur dette skal gå i orden, seier ho.