Stavanger kommune informerer om at du må vende deg til forhandlaren der du kjøper dei piggfrie dekka for å få pant.

Du må vere eigar av bilen og busett i Stavanger kommune for å få pant på dei gamle piggdekka dine viss du byter dei med piggfrie dekk. Du må òg levere inn dei gamle dekka til forhandlaren.

Kommunen anbefaler at alle byter til piggfrie vinterdekk fordi køyring på piggdekk forureinar lufta meir, og fører òg til større forbruk av drivstoff og til meir støy i og utanfor bilen.

I kommunestyret i Stavanger 25. september blei det vedtatt oppheving av piggdekkavgifta som Stavanger har hatt sidan 2017.

Det er den tredje sesongen Stavanger kommune tilbyr pant på piggdekk.

– Dette blei innført som eit luftkvalitetstiltak for å redusere bruken av piggdekk, fortel Anne Zimmer Jacobsen i Stavanger kommune.

– Piggdekkgebyret er no fjerna i Stavanger kommune, men me ønskjer framleis at flest mogleg køyrer piggfritt. Derfor tilbyr me pant på piggdekk også denne vinteren.