FINNØY: Så langt har jaktlaget på Finnøy felt to koller og seks kalvar. Det vil sei at det gjenstår to bukkar og to spissbukkar.

– Litt laber start,eller ?

– Ja, kanskje det. Når det er mildt, slik det har vore fram til no og du ikkje har kjølerom for å ta vare på kjøtet, så er forholda ikkje dei beste. Det blir utfordringar med mørningsprosessen. Difor kan det tenkast at jakta tek seg opp når det blir litt kjøligare i lufta. Men det er lenge igjen til jul så eg har god tru på at me klarer ta heile kvoten. Det er jamt og trutt jegrar ute, det er nok berre snakk om tid, seier leiar i Finnøy hjortevald, Kai Petter Flesjå.

Rekord på Ombo i fjor

Tor Bjørn Sinnes, leiar i Ombo Viltlag fortel at jaktsesongen er i gang, men gjerne ikkje for fullt.

– Så langt er det registret 33 skotne dyr totalt, det er ikkje all verda, men kanskje har ikkje alt blitt registeret ennå. Vêret har heller ikkje vore optimalt, men me held på, og kjem til å gjera det heilt fram til jul. Det er obsertvert store flokkar med dyr, så eg er ikkje bekymra for den biten. Tvert imot. Hjortebestanden på Ombo er aukande difor fekk me både i fjor og i år, ein tilleggskvote på 30 unge dyr. Det er for å regulera stammen og halda den sunn og frisk. Kvotefri avskyting av hjortekalv er eitt av tiltaka som må til, fortel Sinnes.

Ombo har fellingsløyve på 165 dyr, det same som i fjor. Fjorårets hjortejakt på øya blei usedvanleg god. 138 skotne dyr av 165.

– Det må vera rekord på Ombo, sa Sinnes til Øyposte etter sesongslutt. Også 2019 og 2020 var gode år på Ombo.