Biskopen kjem til Finnøy, Sjernarøy, Ombo og Fogn
Biskopen kjem ikkje til å ligge på latsida når ho kjem på visitas til Finnøy i veke 45, andre veke i november. Ho skal rekka over mykje på kort tid.
- Oddbjørg Måland
FINNØY: Det er mange som vil ha «ein bit av» biskopen når ho kjem til Finnøy. Ho skal besøka folk og arrangement i alle tre sokna under opphaldet.
– Programmet byrjar ta form, men detaljane er ikkje banka ennå, opplyser leiar i Finnøy-kyrkja, Heidi Bø Sangedal til Øyposten.
På programmet står mellom anna formiddagstreff på Ombo, møte med kommunedelsutvalet, kveldsgudsteneste i Hesby kyrkje, møte med skulane, besøk på sjukeheimen, møte med konfirmantar, speidarsamling, tur til dagsturhytta på Fogn og besøk på torsdagskafeen på øya.
Det blir visitasgudsteneste i Sjernarøy kyrkje søndag 13. november med visitasforedrag under kyrkjekaffien.
Alle samlingane er åpne for alle, bortsett frå enkeltmøte med institusjonar, tilsette og soknerådsmedlemmer.
Det er åtte år sidan Finnøy sist hadde besøk av biskopen, dåverande biskop Erling Pettersen.