– Laurdag morgon klokka 07.10 fekk me melding frå vegtrafikksentralen om at det var ein stork i Finnøytunnelen, fortel politikontakt Svend Erik Ellingsen:

– Dei må ha sett den på eit kamera.

Tunnelen blei stengt.

– Vegtrafikksentralen rykkjer ikkje ut på levande dyr, og politiet rykka heller ikkje ut. Så tunnelen blei opna att etter ti minuttar, seier Ellingsen.

Korleis det gjekk med storken er ukjent. Viss det då var ein stork. Øyposten tippar at vegtrafikksentralen sine folk ikkje er ekspertar på fuglar og at det like gjerne kunne ha vore ei hegre.

Stork hekkar ikkje så langt nord som i Norge, men er årleg på besøk i Rogaland, ifølgje fuglekjennarar.

Hendinga i Finnøytunnelen er det einaste politiet har å melda om frå Finnøy og Rennesøy gjennom helga.