Julefeiring på innbyggartorget
Jula er ei typisk familiehøgtid, men ikkje alle har anledning til å feira jul saman med familien.
- Oddbjørg Måland
FINNØY: Innbyggartorget, kyrkja i Finnøy og frivilligsentralen går saman og inviterer til julefeiring på innbyggartorget torsdag 22. desember.
Her blir det tradisjonell feiring med julemiddag laga av Bygdekokken, juletregang og kan hende nissebesøk. Med andre ord, alt som høyrer julekvelden til. Det går til og med an å komma med eit julegåve-ønskje.
– Ingen skal måtte sitta einsame på julaftan. Tanken er difor å invitera dei som er åleine, eller som av andre grunner treng ein stad å feire, til ei koseleg julefeiring saman med andre. Både einslege og familiar, unge og gamle er velkomne, seier Ragnhild Valand, leiar i frivilligsentralen.
Arrangementet er gratis, men viss nokon ønskjer å betala, vil ingen stå i vegen for det.
Påmeldingsfrist til frivilligsentralen, kyrkja eller innbyggartorget innan 15. desember.