Fylket set seg på bakbeina, får ikkje bruke gammalt fjos til lager
Butikken i Eriksholmen har søkt om å få bruka eit gammalt sommarfjos på Kyrkjøy til lager. Kommunen er positiv, men fylket set seg på bakbeina.
SJERNARØY: -Eg fattar ikkje kvifor dette skal vera så vanskeleg, seier Jan Atle Norheim, som saman med kona Kine Aartun Norheim driv butikken i Eriksholmen på Sjernarøy.
Dei har fått løfte om å kjøpa eit gammalt sommarfjos på Kyrkjøy som ikkje er i bruk lenger, og vil bruka det til lager for butikken.
-Me treng meir plass til lagring av tomgods og diverse varer, seier Norheim til Øyposten.
Vil fiksa det gamle
Planen er å fiksa opp det gamle, lettare forfalne sommarfjoset, slik at det tek seg bra ut og vil kunna fungera som lager. Men fjoset ligg rett ved hovudvegen på Sjernarøy, og fylket meiner det vil by på utfordringar for trafikken viss avkjørsla som er der i dag, blir brukt.
Mellom anna peikar fylket på at det er seks-sju avkjørsler frå før i området, og meiner at omgjering til lager vil føra til utvida bruk og meir trafikk.
-Me har forklart at det er tvert imot det motsette som vil skje, men det høyrer dei ikkje på, seier Sp-politikar Birger W. Hetland.
I staden krev fylket ny avkjørsel, som skal leggjast over dyrka mark.
Det forslaget reagerer også Hetland på.
-Det sit veldig langt inne å byggja ned dyrka mark i Stavanger kommune. Difor er det ei dårleg løysing, som strid mot sunn fornuft, meiner han.
-Til all lukke er det Stavanger kommune som eig vegen som avkjørsla då må flyttast til.
Signala frå den avdelinga i kommunen er førebels svært positive. Kommunen legg til grunn at reell hastighet i området er 50, ikkje 80, og dei kan sannsynlegvis akseptere ei avkjørsel som ligg ganske nære krysset på andre sida. Då vert det omtrent ikkje tatt med noko dyrka jord om det går igjennom.
Men sjølv om kommunen godkjenner ei slik avkjørsel, er det framleis ein risiko for at fylket eller statsforvaltaren skal setje seg imot likevel, seier Hetland.
Vil flytta avkjørsla
Forslag om å setja ned farten er heller ikkje noko fylket vil gå for, for fartsgrensene er det vegvesenet som bestemmer. Og fartsgrense 80 er vanleg på fylkesvegar, blir det hevda.
-Statsforvaltaren har foreslått at eg skal leiga fjoset i tre år, men me kan ikkje oppgradera bygningen på så usikkert grunnlag, meiner Jan Atle Norheim.
I bervet frå fylket heiter det mellom anna at: «Det skal være færrest mulig direkte avkjørsler fra fylkesveg. Vi ser ingen grunn til å ha to avkjørsler ved siden av hverandre slik som i dag. Det er en trafikksikkerhetsmessig bedre løsning å flytte avkjørselen til Naustvikvegen.
Den eksisterende avkjørselen er ikke godkjent for bruken som Joker Eriksholmen
legger opp til. Vi ønsker ikke fradeling med permanent avkjørsel som i dag når det
finnes bedre alternativ. Ved inn og utkjøring av lastebiler vil disse hindre sikt i
avkjørselen til Naustvikvegen. Vi vil derfor ikke kunne gi utvidet bruk av eksisterende avkjørsel. Det må søkes om flytting/stenging av avkjørsel fra fylkesveg», heiter det frå fylket.