Bli med til trollske Lysefjorden
Ryfylkepuls er denne gongen i Lysefjorden. Bli med til Forsand, Høllesli, Bakken og Flørli.
Me kan bruka mange fagre ord om Lysefjorden. Majestetisk, mektig, eventyrleg, storslått og meir av det slaget. Det er litt kult då, at fleire av dei mest spektakulære attraksjonane i verda, ligg nettopp i Ryfylke. Men, kva pulserande skattar skjuler seg frå ytst i fjorden og innover? Bli med oss i Ryfylkepuls blant kanelbollar, båtkos- og kaos, Pilt-Olaspel og trappespringing. Og på tampen av turistsesongen er det lov å vera litt trøytt. Kos deg med Ryfylkepuls frå Lysefjorden: