Håvard hadde som mål å slå familierekorden på 1.27.30. Det klarte han med glans på tida 1.25.56

Trond Arne håpa å kunne springa i mål under 1. 40. Han «knuste» tida med 16 sekund.

Ikkje avskrekka

– Det var brutalt. Spesielt dei siste tre kilometrane, då hadde eg mest lyst å gi opp. Det var faktisk mykje hardare enn eg hadde venta. Men så har eg heller ingenting å samanlikna med sidan dette var mitt fyrste halvmarathon.

– Gav det meirsmak?

– Tja, både og. Eg har eigentleg lyst å forsøka å komma endå litt lenger ned i tid. Eg sprang saman med ein kamerat, men etter kvart såg eg berre ryggen hans, det var ikkje så motiverande. I januar neste år er det halvmarathon på Sola, det kan hende eg melder meg på, smiler Trond Arne Borgemyr.

Leikar med tanken på maraton

Håvard persa både eigen rekord og familierekorden. Med tida 1.25.56 slo han nevøen sin rekord med 1.34 minutt.

– Dette blei eit kjempeløp, perfekt paddeflat løype og god stemning heile vegen. Eg vil gå så langt å sei at skal bu berre springa eit halvmarathon, så sats på København. Dei fyrste kilometrane var nokre av dei kjekkaste eg har springe, men dei siste var nokre av dei verste, fortel Håvard.

– Blir det fleire halvmaraton?

– Skal aldri seia aldri, men no har eg faktisk byrja leika med tanken på heilmarathon. Kva tid det eventuelt blir, veit eg ikkje, så planlagt er det ikkje, seier Håvard.

Både Trond Arne og Håvard sprang på «verdas beste» joggesko i København, superraske Nike Alphafly.

– Sto dei til forventningane.

– Heilt konge, ei oppleving å springa på, forsikrar marathonløparane frå Fogn.